Oslo er eit namn med fleire tydingar:

Oslo er hovudstaden og største byen i Noreg. Oslo i Minnesota er namnet på to stader i Minnesota: Oslo i Marshall County er ein småby med 347 innbyggjarar (2000) i Marshall County i Minnesota i USA. Oslo i Dodge County er eit område i Dodge County i Minnesota i USA. Oslo i Florida er ein småby i Indian River County mellom Fort Pierce og Vero Beach på austkysten av Florida i USA. OSLO er ei forkorting for Open Source and Linux Organization, eit prosjekt drive av Hewlett-Packard. Osloklassen er kortnamnet for fregattar av osloklassen — ein serie fregattar som vart bygde i Horten i åra 1964–66. Osloavtalen er daglegnamnet på avtalen som vart inngått mellom Israel og palestinske representantar i 1993.