Pierre René Deligne () er ein belgisk matematikar. Han arbeidde ved Institut des hautes études scientifiques i Paris frå 1968, og vart professor ved Institute for Advanced Studies i Princeton i USA i 1984. Deligne vart tidleg kjend då han fann løysinga til tre kjende formodningar sett fram av André Weil. Dette omfatta ei blanding av algebraisk geometri og algebraisk talteori og gjorde at Deligne fekk Fieldsmedaljen i 1978. Løysingane til Deligne kravde innføring av ein ny type algebraisk topologi. Deligne har òg arbeidd med andre problem innan mange område av matematikken.

Kjelder Pierre René Deligne. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Pierre_René_Deligne

Kategori:Belgiske matematikarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Folk frå Brussel Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Wolfprisen i matematikk Kategori:Talteoretikarar Kategori:Belgiske vicomtar Kategori:Abelprisen