Maurice René Fréchet () var ein fransk matematikar.
Han vart professor i mekanikk i Poitiers i 1910, og i matematisk analyse i Strasbourg frå 1919. Frå 1928 til 1949 var han professor ved Sorbonne i Paris. Fréchet har hovudsakleg medverka til utviklinga av den generelle eller mengdeteoretiske topologien. Dei samla framstillingane hans finst i boka Les Espaces abstraits (1928). Fréchet arbeidde òg med sannsynsrekning.
Kjelder Maurice René Fréchet. (2012-01-14) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Maurice_René_Fréchet
Kategori:Franske statistikarar Kategori:Franske matematikarar Kategori:Topologar Kategori:Matematikarar på 1900-talet