Tom Levorstad () er ein norsk tidlegare skihoppar som var medlem av Kråkstad Idrettslag. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging i Oberstdorf i 1981. Same sesongen fekk han sølv under NM i stor bakke, bak Roger Ruud.

Karriere Levorstad gjorde det relativt sett best i store hoppbakkar. Ti gongar var han mellom dei ti beste i verdenscuprenn, og heile ni av desse var i storbakkerenn. Beste verdscupplasseringa var ein tredjeplass i St. Nizier i Frankrike i februar 1980. I den første sesongen med verdscup, 1979/80, kom Levorstad på 12. plass totalt. Same sesongen hoppa han 105 m og sette bakkerekord i Holmenkollbakken.

Levorstads største prestasjon var bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i 1981, der han berre hadde finnen Jari Puikkonen og austerrikaren Armin Kogler framom seg på resultatlista.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1980: Tredjeplass i St. Nizier 1981: Bronsemedalje under verdsmeiesterskapen i skiflyging i Oberstdorf 1982: Nr 14 i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1978: Nr 7 i både normalbakken på Konnerud og i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1979: Nr 6 i storbakken i Bærum Ski-NM 1980: Nr 7 i normalbakken i Asker Ski-NM 1981: Sølvmedalje i storbakken på Odnes Ski-NM 1982: Nr 7 i både normalbakken på Raufoss og i storbakken på Rena

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Tom Levorstad i fis-ski.com

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Ski