Jan Henrik Trøen () er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Idrettslaget Trond fram til 1985, sidan av Sportsklubben Freidig. Han vann eit renn i Svenska skidspelen i 1982, og tok bronse i storbakkerennet under Ski-NM 1983.
Karriere Trøen deltok i verdscupen frå 1981 til 1988, med 37. plass i 1985/86 som beste samanlagtplassering. Hans beste plassering i enkeltrenn i verdscupen var femteplassen i Innsbruck 4. januar 1986. I den tysk-austerrikske hoppveka vart han nummer 22 samanlagd i 1982/83. Han vann normalbakkerennet i Svenska Skidspelen i Falun i 1982 føre Ivar Mobekk, men det var ikkje eit verdscuprenn.
Trøen tok bronsemedalje i NM stor bakke i Balbergbakken i 1983. I ei tett og jamn tevling måtte han sjå seg slått av noregsmeisteren Per Bergerud og av Olav Hansson. I 1989 var han på Sør-Trøndelag sitt lag som vart noregsmeistrar i lagtevlinga i normalbakken i Vikersund. Han har den siste bakkerekorden i Gråkallbakken i Trondheim med 76,5 meter, sett i 1985.Byavisa: Fiskebein i 125 år (27. januar 2009) Etter at han slutta som skihoppar har han mellom anna vore trenar i treningsgrupper som Trønderhopp og Kollenhopp, og han har vore med i det norske hopplandslaget sitt treningsteam.
Besteplasseringar i internasjonale renn 1981: Nr 8 i Chamonix 1982: Siger i normalbakken i Falun (ikkje verdscuprenn) 1983: Nr 9 i Engelberg 1986: Nr 5 i Innsbruck 1988: Nr 8 i Holmenkollen
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1981: Nr 8 i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1983: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer Ski-NM 1983: Nr 8 i storbakken i Bærum Ski-NM 1987: Nr 9 i normalbakken i Sprova Ski-NM 1988: Nr 5 i normalbakken i Skien Ski-NM 1989: Nr 12 i normalbakken i Vikersund
Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Jan Henrik Trøen i fis-ski.com
Kategori:Norske skihopparar