Eric Is Here er eit album frå 1967 av Eric Burdon & The Animals, sjølv om det faktiske bandet med Burdon er Horace Ott Orchestra.

Historie Albumet vart berre gjeve ut i USA, av MGM Records, i tida mellom den originale besetninga av The Animals gav seg og før den nye besetninga, kalla Eric Burdon & The Animals, vart danna. Eric Is Here har med Burdon og trommeslagar Barry Jenkins i lag med forskjellige låtskrivarar og eit orkester. Det er mogeleg at somme medlemmar av det originale Animals var til stades under innspelinga.

«Help Me Girl» vart gjeven ut som singel og nådde 29. plass i USA og 14. plass i Storbritannia. The Outsiders hadde òg ein versjon av songen som nådde 37. plass i Storbritannia. «It's Not Easy» var ein annan song frå albumet som popgruppa The Will O Bees tok til 95. plass i USA. Han var komponert av Berry Mann og Cynthia Weil, som òg skrive Animals-hitten «We Gotta Get Out of This Place».

Innhald

Medverkande Eric Burdon - vokal Barry Jenkins - trommer The Horace Ott og Benny Golson Orchestra

Andre medverkande Val Valentin - leiar Benny Golson – arrangør og dirigent Horace Ott – arrangør og dirigent Nancy Reiner - plateomslag Acy Lehman - design Bill McMeehan - lydteknikar Gene Radice - lydmiksing

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eric Is Here» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Eric Burdon-album Kategori:Musikkalbum frå 1967 Kategori:Album produserte av Tom Wilson Kategori:MGM Records-album