thumb|Clark Terry, 1976 thumb|Clark Terry, 2002 Great Lakes Navy Band Jazz Ensemble Clark «Mumbles» Terry () var ein amerikansk jazztrompetist, flygelhornist, bandleiar og komponist.
Han var kjend for ein varm tone og evna til å spele ei lang rekke artikulasjonsnyansar berre med leppene, altså utan bruk av ventilar. Dette influerte Miles Davis og ei mengd andre trompetistar. Klangideane hans gjorde at han vende seg til flygelhornet, eit instrument han beherska på ein meisterleg måte og som i større grad blei akseptert i jazzmusikken på grunn av Terry.
Terry var verksam både som bandleiar og som solist. Han komponerte over 200 songar, underviste og skreiv fleire bøker. Han blei nominert for Grammy tre gonger og i 2010 fekk han Grammy i kategorien Lifetime Achievement Award. Han har fleire æresdoktorat og ein plass i Kansas City's Jazz Hall of Fame.
På 1970-talet spelte han med skandinaviske musikarar i det norske Bodega Band (1972), Arne Domnérus, Mads Vinding og Lennart Åberg. Han har spelt på Oslo Jazzfestival (Cosmopolite i 1999 og Kulturkirken Jakob i 2004).
Diskografi i utval Serenade to a Bus Seat (OJC, 1957) Duke with a Difference (OJC, 1957) In Orbit (OJC, 1958) Top and Bottom Brass (OJC, 1959) Color Changes (Candid, 1960) Mellow Moods (Prestige, 1961) Live at the Wichita Jazz Festival (Vanguard, 1974) Live at Montmartre, 1975 (Storyville, 1975) Live in Chicago, Vol. 1+2 (Monad, 1976) Intimate Stories (Challenge, 1978) Memories of Duke (OJC, 1980) Portraits (Chesky, 1988) Having Fun (Delos, 1990) Live at the Village Gate (Chesky, 1990) Live at the Village Gate: Second Set (Chesky, 1990) Top and Bottom Brass (Chiaroscuro, 1995) Express (Reference, 1995) One on One (Chesky, 2000, med Geri Allen, Don Friedman, Roland Hanna, Barry Harris, Eric Lewis, Junior Mance, Marian McPartland) Friendship (Nagel-Heyer Records, 2002) George Gershwin's Porgy and Bess (A440 Music, 2004)
Publikasjonar Let's talk trumpet. From legit to jazz. Phil Rizzo, Creative Jazz Composers, Bowie (Maryland) 1973, Musikpartitur: Studien und Etüden, ca. 100 S., (siehe Homepage von C. Terry) Clark Terry's System of Circular Breathing for Woodwind and Brass Instruments. Terry-Rizzo, Cleveland (Ohio) 1976, 8 S. The Interpretation of the jazz language. Phil Rizzo, Cleveland 1977, 209 S.
Kjelder Denne artikkelen er ei omsetting av «Clark Terry» frå , den 7. desember 2011.
Bakgrunnsstoff clarkterry.com pbs.org med lydklipp og biografi bilde frå Trondheim (1972). Intervju i Jazzwax (2010)
Kategori:USA-amerikanske jazztrompetistar Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:Folk frå Saint Louis Kategori:Folk frå Missouri Kategori:Grammy Lifetime Achievement Award