Tresfjord skule var eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.
Fram til hausten 2020 var Tresfjord skule del av Tresfjord oppvekstsenter, med barneskule i ein etasje og barnehage i fyrste etasje. Det hadde også eit lite SFO-tilbod. Så vart elevane flytta til Helland barneskule, medan ungdomsskulelevar frå Helland nytta bygget i samband med ombygginga av Helland skule. Skulebygningen ligg nær hovudvegen, like ved den lokale butikken og den lokale kroa.
Elevane på barnesteget kom frå området rundt Tresfjorden. Det var om lag 36 elevar på skulen i skuleåret 2014-15.
Oppvekstsenteret hadde ein reinhaldar, ein vaktmeister og ein driftsleiar. I skuleavdelinga var det fem lærarar og to assistentar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Nettstaden til skulen Nettstaden til oppvekstsenteret Kategori:Vestnes kommune Kategori:Skular i Møre og Romsdal