mini|Portrett av Nini Roll Anker måla av Christian Meyer Ross. Frå samlingane til Oslo Museum. Nicoline Magdalene Roll Anker, kjend som Nini Roll Anker, () var ein norsk forfattar som var fødd i Molde. Ho var dotter av jurist, embetsmann, sorenskrivar, politikar og høgsterettsdommar Ferdinand Roll. Ho skreiv ei rekkje romanar og skodespel, mest kjend er ho for Det svake kjøn (1915), Den som henger i en tråd (1935) og den posthumt utgjevne Kvinnen og den svarte fuglen som kom i 1945.
Den fyrste boka gav ho ut under pseudonymet Jo Nein 1898. Dei neste to bøkene Lil-Anna og andre (1906) og Benedicte Stendal (1909) vart utgjevne under hennar eige namn som då var Nini Roll. Dei seinare bøkene vart publiserte under namnet Nini Roll Anker, etter at ho hadde gift seg med ingeniøren, siglaren og båtkonstruktøren Johan August Anker. Unnataket er tre bøker gjevne ut under pseudonymet Kåre P.: Liv, livet og jeg (1927), Vi skriver en roman (1930) og To ungdomsår (1939).
Nina Roll og Johan Anker budde på Vollen i Asker. 3. mai 1973, på 100-årsdagen sidan ho vart fødd, vart det avduka ei byste av Nini Roll Anker på Gotfred Lies plass i Molde. Bysta er laga av Hjalmar Hansen.
thumb|Grava til Johan Anker og Nini Roll Anker på Vestre gravlund i Oslo Bibliografi Lill-Anna og de andre, 1906 Benedicte Stendal, 1909 Per Haukeberg, 1910 De vaabenløse, 1912 Det svake kjøn, 1915 (omarbeidet utg. 1924) Fru Castrups datter, 1918 Kirken, (skodespel, 1920) Huset i Søgaten, 1923 Komedien, (skodespel, 1923) Kvindesind, 1924 I amtmandsgaarden, 1925 Piken, (skodespel, 1925) Under skraataket, 1927 Prisopgaven, 1928 Enken, 1932 Elling Thorsens hjem, 1934 På ærens mark, (skodespel, 1934) På egen grunn, 1936 Små avsløringer, 1937 Bak Munkeruds fasade, 1938 Kvinnen og den svarte fuglen, 1945 Min venn Sigrid Undset, 1946 Under pseudonym I Blinde (som Jo Nein), 1898 Liv, livet og jeg (som Kåre P), 1927 Vi skriver en roman (som Kåre P), 1930 To ungdomsår (som Kåre P), 1937
Kjelder Dagbladets forfattarside . Norsk samkatalog for bøker. Arnljot Løseth: Aristokrat og opprører, i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000 Bakgrunnsstoff Tordis Ørjasæter og Jo Ørjasæter: Nini Roll Anker : en kvinne i tiden. (Aschehoug) – 2000. ISBN 82-03-26066-7
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Molde