Aleksandr Fjodorovitsj Goedicke () var ein russisk organist, pianist, komponist og musikkpedagog.
Forfedrene til Goedicke stamma frå Tyskland, men fleire generasjonar av dei hadde allereie arbeidd som musikarar i Moskva.
I 1909 blei Goedicke utnemnd til professor i klaverspel ved konservatoriet i Moskva. Seinare underviste han òg i orgel og kammermusikk og skapte seg framfor alt eit ry som fortolkar av Johann Sebastian Bach sin musikk.
Han skreiv òg eit stort tal eigne verk, blant anna fleire operaer og symfoniar, men det meste var orgel- og klavermusikk.
Goedicke og den russiske komponisten og pianisten Nikolaj Medtner var fetrar.
Kjente verk Konsertstykke i h-moll for klaver og orkester op.11 (1900) Konsert for orgel og strykeorkester op.35 (1927) Trompetkonsert i b-moll op. 41 (1930) Consertetyde op. 49 for trompet
Kjelder Denne artikkelen er basert på «Alexander Fjodorowitsch Goedicke» frå , den 21. november 2011.
Bakgrunnsstoff Goedicke internasjonale orgeltevling
Kategori:Russiske komponistar Kategori:Russiske pianistar Kategori:Klassiske pianistar Kategori:Folk frå Moskva