Joseph Haydn skreiv tre eller fire oratorium, avhengig av korleis ein deler inn verka hans. Hoboken-Verzeichnis, som kategoriserer oratorium som kategori XXI, nemner tre:
Il ritorno di Tobia (1775/1784) Skapinga (1798) Årstidene (1801)
I tillegg til desse har ein i organiseringa av den vitskapleg-kritiske utgåva av Haydn sine verk, under leiing av Haydn-instituttet i Køln, lagt til vokalutgåva av Jesu sju siste ord på krossen (1796); Hoboken førte alle dei ulike utgåvene av Jesu sju siste ord som ein eigen kategori, XX.
Kategori:Joseph Haydn Kategori:Oratorium