thumb|200px|Norman Ramsey (t.v.) i 1970.
Norman Foster Ramsey jr. () var ein USA-amerikansk fysikar frå Washington, D.C.
Mora underviste matematikk og faren var offiser. Ramsey tok doktorgrad i fysikk ved Columbia University i 1940, men flytte seinare til Harvard University. Her utvikla han Isidor Rabi sin metode til å undersøkja molekyl og atom. I dag vert metoden hans ganske enkelt kalla Ramsey-metoden. Metoden har spelt ei nykelrolle ved utviklinga av MR-maskina, NMR-spektroskopi og atomklokker.
I 1960 utvikla Ramsey sjølv ei atomklokke basert på ein hydrogen-maser, noko som i dag vert gjort nytte av av GPS-teknologi.
I 1989 fekk Ramsey nobelprisen i fysikk saman med landsmannen Hans G. Dehmelt og tyske Wolfgang Paul.
Kjelde
Denne artikkelen byggjer på «Norman Foster Ramsey, Jr.» frå , den 11. november 2011.
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Folk frå Washington, D.C. Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Fysikarar på 1900-talet