Enrico Betti () var ein italiensk matematikar.

Han var mesteparten av livet sitt professor i Pisa, men var ei kortare tid i det politiske livet som deuptert og senator. Betti tok først opp likningsteori og sidan funksjonsteorien. Gjennom påverknad av Bernhard Riemann vart Betti interessert i topologi, og i 1871 offentleggjorde han det grunnleggande arbeidet der han innfører dei såkalla bettiske tala. Dei samla verka hans utkom i to bind i 1903 og 1913.

Kjelder Enrico Betti. (2011-11-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Enrico_Betti

Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Italienske senatorar Kategori:Folk frå Pistoia Kategori:Topologar Kategori:Matematikarar på 1800-talet