Brit Kirsti Kolle Grøndahl () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og den fyrste kvinnelege stortingspresidenten. Ho har vore kommune- og stortingspolitikar, statsråd og fylkesmann i Buskerud fylke.

Kirsti Kolle Grøndahl vart fødd i Oslo. Ho er utdanna cand. mag. frå 1966. Ho representerte Arbeidarpartiet i kommunestyret og formannskapen i Røyken kommune frå 1972, og vart vald inn på Stortinget i 1977. Grøndahl var statsråd i Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1986–1988 og i Departementet for utviklingshjelp 1988–1989. I 1993 vart ho som fyrste kvinne i historia vald til stortingspresident. Ho var 1999–2013 fylkesmann i Buskerud fylke.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirsti Kolle Grøndahl» frå , den 1. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingspresidentar Kategori:Norske utviklingsministrar Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Brundtland II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Fylkesmenn i Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Ap-politikarar i Buskerud Kategori:Lokalpolitikarar i Røyken Kategori:Politikarar frå Oslo