Berberis er ei planteslekt i berberisfamilien. Til slekta høyrer 450-480 artar. Dei er normalt busker med runde eller omvendt eggforma blad, oftast med piggar på greinene.

Berberis er mykje nytta som prydbuskar i hagar og som parkplanter.

Dei veks vilt i subtropane inkl Japan, New Zealand, Asia, Europa og Sør-Amerika. Dei dannar 1-2 meter høge buskar. Berberis er i nær slekt med Mahonia, som òg høyrer berberisfamilien.

Piggane er 3-30 mm lange. Ofte har buskane lange, stive kvistar som veks rett oppover eller ut i vifteform.

Dei mest kjente artane er: Haustberberis - Berberis thunbergii Blodberberis - Berberis thunbergii 'Atropurpurea' eller ...'Atropurmureum' Europeisk berberis - Berberis vulgaris Julianes berberis - Berberis julianae Darwin-berberis - Berberis darwinii Madeira berberis - Berberis maderensis Magellan-berberis - Berberis buxifolia Siciliansk-berberis - Berberis aetnensis Vorteberberis - Berberis verruculosa

I Iran dyrkar ein berberis-artar (særleg B. vulgaris) som gir ei frukt som blir tørka, kalla zereshk. Den blir dyrka saman med og hausta samstundes med safran.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berberis» frå , den 16. september 2011.

Bakgrunnsstoff

Linker til ordenen Berberidaceae Royal New Zealand Institute of horticulture. Berberis glaucocarpa Berberine thoughts. (arkivert nettside)

Kategori:Berberisfamilien Kategori:Hageplantar Kategori:Medisinplantar