Carl Louis Ferdinand von Lindemann () var ein tysk matematikar, kjend for beviset sitt frå 1882 at π (pi) er eit transcendent tal, altså at det ikkje er ei rot av noko polynom med rasjonale koeffisientar. Dette gav det endelege svaret på det 2000 år gamle problemet om kvadraturet til sirkelen, nemleg at det ikkje er mogeleg (med passar og linjal) å konstruere eit kvadrat som har like stort flateinnhald som ein viss sirkelflate.
Han var professor i Königsberg frå 1883 og 1893–1923 i München. Saman med R. F. A. Clebsch gav han ut Vorlesungen über Geometrie i tre bind.
Kjelder
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Folk frå Hannover Kategori:Talteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet