mini|Vasskikkert i bruk Ein vasskikkert er ei konisk trakt med ei glasplate i botn som hindrar lysbryting. Frå ein båt kan ein stikke kikkerten delvis ned i vatnet for å sjå under vassflata. Han kan brukast frå land eller frå ein båt.

Ein vasskikkert fjerner skinnet frå vassoverflata og gjer at ein kan sjå ned i vatnet så langt som sikta i vatnet tillet. Ein kan mellom anna nytta han til å observera rev, fortøyingar og secchiskiver. Vasskikkertar kan også brukat i opplæring for å sjå plantar, dyr og habitat under overflatta i elvar, vatn og hav.Today's Document: [http://www.nhbs.com/large_aquascope_underwater_viewer_bathyscope_tefno_185837.html Reiskapen blir mellom anna brukt av limnologar ved muslingopptelling, eller i samband med lystring av kystnære fiskar som ål.

Ein kan laga sin eigen vasskikkert ved hjelp av eit bøtte utan botn og eit stykke gjennomsiktig plast som ein fester med sterk tape eller hyssing. Ein meir avansert versjon, eit undervassteleskop (underwater telescope) blei patentert av Sarah Mather i USA i 1845.U.S. Patent No. 3,995 Oppfinninga nytta ei lykt med camphin-brensle inni ei glaskule ein senka ned i vatnet. Ho gjorde at havgåande fartøy kunne undersøka havdjupnene.Chicago Tribune (des. 1992) Defying Stereotypes: The Inventive Women Of AmericaUS Patent 3995 S. P. MATHER. Submarine Telescope and Lamp Ein kunne også undersøka skroget til eit skip frå dekket. I 1864 laga Sarah Mather ein forbetra versjon, U.S. Patent No. 43,465 for å oppdaga ubåtar frå Sørstatane under Den amerikanske borgarkrigen.Jacquelyn A. Greenblatt (1999) Women Scientists and Inventors Page 80 Good Year Books

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aquascope» frå , den 13. september 2019.

Kategori:Oseanografiske instrument Kategori:Optiske instrument