Albert Defant () var ein austerriksk oseanograf og geofysikar. Han var professor ved universitetet i Innsbruck frå 1924 til 1927 og igjen frå 1945 til 1954 og ved universitetet i Berlin frå 1927 til 1945. Han var ein av leiarane for Meteor-ekspedisjonen i 1925–1927, og handsama store delar av resultata frå ekspedisjonen.

Han leverte elles arbeid inna forskjellige greiner av fysisk oseanografi og i meteorologi. Defant har som få andre prega utviklinga i fysisk oseanografi, og den stoer læreboka hans Physical Oceanography (1961) er eit standardverk i oseanografisk litteratur.

Kjelder

Kategori:Austerrikske oseanografar