Sierre, (tysk; Siders), er ein by og ein kommune i distriktet Sierre i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Sierre er hovudstad i distriktet og ligg 533 meter over havet.
Kommunen ligg ved grensa mellom fransk og tysk språk i Sveits. Sierre har ein større tyskspråkleg minoritet, og er ein av tre byar i Sveits som er offisielt tospråkleg. Området har stor tilgang på vasskraft, og har over 1 200 arbeidsplassar i smelteverksindustrien.
Kommunen ligg sentralt i Rhônedalen, ved høgrebreidda av elva. Den nærliggande elva Raspille vert rekna som språkgrensa mellom den fransk- og tysktalande delen av Sveits. Kommunen består av byen Sierre, landsbyane Granges, Noës og Muraz, og grendene og busetnadane Gerunden, Plantzette, Vieux-Sierre, Bourg, Glarey, Borzuat, Zervettaz, Villa d'en Bas, d'en Haut, Sous Géronde, Cuchon og Monderèche.
Sierre er innfallsporten til turiststader i Val d'Anniviers som består av landsbyane Vercorin, Chandolin, St-Luc Vissoie, St-Jean Chandolin, Grimentz, Zinal og Ayer. Sierre er knytt til Crans-Montana med ein kabelbane.
Lac de Géronde er ein liten innsjø i kommunen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sierre» frå , den 21. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (fransk)
Kategori:Kommunar i Valais Kategori:Byar i Sveits Kategori:Stader ved Rhône