År 60 f.Kr./fvt. var eit år i den før-julianske romerske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Metellus Celer og Afranius var konsular (eller sjeldnare, år 694 ab urbe condita).
Hendingar Julius Cæsar slo ned eit opprør og erobra heile Lusitania for Romarriket. Det første triumviratet, ein uoffisiell politisk allianse mellom Julius Cæsar, Marcus Licinius Crassus og Gnaeus Pompeius Magnus, blei skapt.
Han-dyanstiet grunnla Protektoratet av dei vestre regionane, ei militær stilling for å halda kontroll over dei vestre regionane (stort sett tilsvarande dagens Xinjiang bortsett frå Dzungaria).
Fødde Ptolemaios XIV av Egypt (eller 59 f.Kr.)
Døde Su Wu, kinesisk diplomat og politikar i Vestre Han