Ingrid Wigernæs (opphavleg Ingrid Løken, ) var ein norsk tidlegare langrennsløpar og -trenar. Ho representerte Romerikslagets Idrettslag.
Karriere Wigernæs vann 10 km i NM på ski, nordiske greiner i 1960, 1961 og 1966, 5 km i 1964 og 1965 og var med på Romerikslagets vinnande stafettlag i 1965 og 1966. Ho var med på laget som tok sølv på stafetten i Ski-VM 1966, og deltok under vinter-OL for Noreg i 1956 i Cortina d'Ampezzo med 27. plass på 10 km og i 1964 i Innsbruck med 12. plass på 10 km og 15. plass på 5 km.
Wigernæs var ein av forgrunnsfigurane under den første suksessrike perioden innan langrenn for damer i Noreg. I 1965 og 1966 var ho både løpar og trenar på landslaget i langrenn for damer og fortsette som trenar fram til 1969, etter at ho la opp som aktiv i 1966. Ho var trenar for damene som tok gull på stafetten i 1968 i Grenoble.
Jentut'n Wigernæs reknast som opphavet til uttrykket jentut'n, som er Hemsedalsdialekt for jentene. Ordet vart brukt av Wigernæs då ho omtalte lagveninnene på stafettlaget i VM i 1966, og seinare brukte ho det når ho omtalte landslagsjentene ho trena. Jentut'n var først klengenamnet på stafettlaget frå 1966, men seinare har orda vorte flittig brukt som «kjælenamn» på dei norske stafettlaga for damer under internasjonale renn og meisterskap.
Som fleire andre skiprofilar midt på 1960-talet, song òg ho inn ei plate. Denne fekk tittelen «Jentut'n våre».
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1955: Nr 5 i Trysil Ski-NM 1956: Bronsemedalje på Raufoss Ski-NM 1957: Bronsemedalje Ski-NM 1958: Bronsemedalje i Oslo Ski-NM 1959: Nr 4 i i Porsgrunn Ski-NM 1960: Gullmedalje på Fåberg Ski-NM 1961: Gullmedalje på Rena Ski-NM 1962: Bronsemedalje i Molde Ski-NM 1963: Sølvmedalje både på 5 og 10 km i Birkenes Ski-NM 1964: Gull på 5 km og sølv på 10 km på Furnes Ski-NM 1965: Gull på 5 km og bronse på 10 km på Fåberg Ski-NM 1966: Sølvmedalje både på 5 og 10 km på Hernes
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Wigernæs» frå , den 7. august 2011.
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Hemsedal