Kirkenes (nordsamisk Girkonjárga, skoltesamisk K'eârggnjargg, finsk Kirkkoniemi) er ein by og administrasjonssenteret i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Byen ligg ved Bøkfjorden, om lag ei mil frå grensa til Russland. Han har rundt 3300 innbyggjarar,Kjelde: SSB ein del av dei russiske innflyttarar. Kirkenes fekk sin bystatus i 1998. Neset mellom Pasvikelva og Langfjorden vart tidlegare kalla «Piselvnes». I 1862 vart det bygd ei kyrkje på neset og namnet vart endra til til «Kirkenes».
mini|venstre|Gågata i Kirkenes i februar 2005. Barentssekretariatet, som har til oppgåve å skapa kulturelle, økonomiske og utdanningsmessige band i Barentsregionen, held til i Kirkenes. Ikkje langt frå byen ligg Garnisonen i Sør-Varanger.
Kirkenes er endepunkt for Europaveg 6, og vendepunkt for Hurtigruta.
Historie Kirkenes var ein av dei mest utbomba byane under den andre verdskrigen, berre Malta skal ha vore hardare ramma. Etter 320 luftåtak og over tusen alarmar stod 13 hus att. Byen vart frigjord av Den raude arméen 25. oktober 1944.
I 2019 vart 75-års dagen for frigjeringa av Kirkenes feira med ein seremoni på torget. Til stades var mellom anna den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov, statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og kong Harald.
Kulturinstitusjonar Grenselandmuseet Saviomuseet, som dreier seg om kunstnaren John Savio
Kjelder
Sjå òg Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen
Bakgrunnsstoff Grenselandmuseet
Kategori:Geografi i Sør-Varanger Kategori:Byar i Finnmark Kategori:Hurtigruteanløp i Finnmark