Peer Gynt-prisen, Årets Peer Gynt eller Peer Gynt-statuetten blir delt ut til personar og institusjonar som har utøvd samfunnsansvar og markert Noreg internasjonalt: «Statuetten deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet.» Prisen er kalla opp etter hovudpersonen i Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867. Den har møtt kritikk for å fremje eit feilaktig bilete av Peer Gynt, som blir framstilt som ein umoralsk egoist i diktet til Ibsen.Når ble Peer Gynt et forbilde? (Aftenposten)Vår egen store Peer Gynt (Aftenposten)
Prisen vart delt ut første gong i 1971 og gjekk då til Einar Gerhardsen for hans innsats som statsminister i gjenoppbygginga av landet etter krigen. Utdelinga skjer under Peer Gynt-stemnet på Vinstra i Nord-Gudbrandsdalen, eit stemne som har blitt arrangert sidan 1967. Peer Gynt-stemnet sjølv, stortingsrepresentantar og tidlegare vinnarar av Peer Gynt-prisen kan foreslå kandidatar til prisen. Vinnaren blir stemt fram av stortingsrepresentantar, og prisen blir også delt ut av ein stortingsrepresentant. Det synlege beviset for prisen er ein bronsefigur av Peer Gynt på bukken, laga av kunstsmed Karl Bilgrei.
Prisvinnarar 1971: Einar Gerhardsen, tidlegare statsminister 1972: Per Aabel, skodespelar 1973: Liv Ullmann, skodespelar 1974: Erik Bye, artist og programskapar 1975: Erling Stordahl, gardbrukar, musikar og forkjempar for funksjonshemma 1976: Øivind Bergh, dirigent 1977: Birgit og Rolf Sunnaas 1978: Arve Tellefsen, fiolinist 1979: Grete Waitz, langdistanseløpar 1980: Anne Cath. Vestly, forfattar 1981: Cato Zahl Pedersen, funksjonshemma idrettsutøvar 1982: Jens Evensen, diplomat, jurist og politikar 1983: Thorbjørn Egner, forfattar og teiknar 1984: Kronprinsesse Sonja 1985: Bobbysocks, popduo 1986: Annie Skau Berntsen, sjukepleiar og misjonær 1987: a-ha, popgruppe 1988: Oslo Filharmoniske orkester 1989: OL-komiteen ved Ole Sjetne 1990: Thorvald Stoltenberg, politikar og organisasjonsmann 1991: Hans-Wilhelm Steinfeld, journalist 1992: Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang, skiløparar 1993: Kjetil Andre Aamodt, alpinist 1994: Mona Juul og Terje Rød Larsen, politikarar og diplomatar 1995: Johann Olav Koss, skøyteløpar 1996: Jostein Gaarder, forfattar 1997: Gro Harlem Brundtland, tidlegare statsminister og FN-leiar 1998: Kvinnelandslaget i handball ved Marit Breivik 1999: Thor Heyerdahl, etnograf, zoolog og forfattar 2000: Bellona, miljøstifting 2001: Knut Vollebæk, politikar, diplomat og siviløkonom 2002: Eva Joly, jurist og korrupsjonsjeger 2003: Åsne Seierstad, journalist og forfattar 2004: Arne Næss, filosof, fjellklatrar og forfattar 2005: Jan Egeland, politikar og diplomat 2006: Kjell Inge Røkke, entreprenør og næringsutviklar 2007: Leif Ove Andsnes, pianist 2008: Snøhetta AS, arkitektfirma 2009: Ole Gunnar Solskjær, fotballspelar 2010: Dissimilis 2011: Magnus Carlsen, sjakkspelar 2012: Marit Bjørgen, skiløpar og Jens Stoltenberg, statsminister 2013: Jo Nesbø 2014: Norway Cup 2015: May-Britt Moser og Edvard Moser, hjerneforskarar 2016: Deeyah Khannrk.no Deeyah Khan er årets Peer Gynt 07.05.2016 2017: Skam, TV-serie
2018: Elisabeth Hoff 2019: Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal 2020: Maja Lunde 2021: Birgit Skarstein 2022: Maren Lundby
Sjå også Peer Gynt-stemnet
Kjelder
Kategori:Norske prisar Kategori:Stortinget Kategori:Skipingar i 1971