Windward Islands eller Windwardøyane (tyder «øyane i lovart») er dei sørlege øyane i Dei små Antillane innanfor Vestindia.

Namn og geografi

Øyane har fått namnet Windward frodi dei ligg i lovart eller på vindsida for seglskipa som kom til Den nye verda i forhold til Leewardøyane («leside-øyane»), sidan passatvindane i Vestindia bles frå aust til vest. Dei transatlantiske straumane og vindane som gjev den raskaste ruta over havet førte desse skipa til den grove delelinja mellom Windward- og Leewardøyane. Fartøy i den atlantiske slavehandelen som reiste frå den afrikanske Gullkysten og Guineabukta ville først nå dei søraustlegaste øyane i Dei små Antillane nårde dei reiste vest-nordvestover mot Karibia og Nord- og Mellom-Amerika. Øyrekkja dannar den austlegaste grensa for Det karibiske havet.Chapter 4 - The Windward Islands and Barbados - U.S. Library of Congress

Windwardøyane er frå nord til sør: Dominica Martinique (eit oversjøisk departement i Frankrike) Saint Lucia Saint Vincent Grenadinane Grenada

Barbados, Trinidad og Tobago vert ikkje rekna som ein del av Windwardøyane, men vert stundom rekna med fordi dei ligg i lovart i forhold til dei andre øyane i Karibia.

Terminologi På somme språk vert Windward og Leeward rekna som forskjellige øygrupper. I begge tilfelle, vert dei aust/søraustlegaste øyane kalla Windward, medan dei vestlegaste vert kalla Leeward. Øygruppa langs kysten av Venezuela vert kalla Leeward Antillane på engelsk. Språk Windward Islands Leeward Islands Engelskframelessframeless Andreframelessframeless

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Windward Islands» frå , den 31. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Sjå òg Leeward Islands Britiske Windward Islands Dei små Antillane