mini|Wendela Bicker (1659), portrett av Adriaen Hanneman mini|Statue av Johan de Witt på De Plaats i Den Haag. Dei to fingrane hans peiker på staden der han og bror hans Cornelis vart myrda i 1672 Johan de Witt, òg kjent som Jan de Witt, () var ein nederlandsk politikar. Han var statssekretær (nederlandsk Raadspensionaris) for Holland og Vest-Friesland i perioden 1650–1672. Johan var den mest suksessrike i slekta de Witt, ei nederlandsk patrisiar- og regentslekt.

Biografi Familien til Johan de Witt bestod av faren Jacob de Witt som var borgarmeister i Dordrecht, mora Anna van den Corput som var niesa til Johannes Corputius (kartograf og nederlandsk militærleiar i åttiårskrigen), og den yngre broren Cornelis de Witt. Familien hans høyrde til i ein lang periode den styrande klassa i heimbyen deira, og onkelen til De Witt Andries de Witt var òg statssekretær for Holland (raadspensionaris) i ein kort periode.

I 1655 gifta han seg med Wendela Bicker, dottera til Johan Bicker og Agneta de Graeff av Polsbroek. Med dette klarte De Witt og gifte seg inn i den mektige De Graeff-Bicker-klanen. Dette viste seg å vere nøkkelen til den politiske suksessen hans.

De Witt studerte jus ved Universitetet i Leiden, og reiste saman med broren sin Cornelis i 1645 gjennom Europa. Han tok doktorgraden sin ved Universitetet i Angars same år. I dei følgjande åra arbeidde han som advokat i Den Haag.

Den første statsmannen i Nederland I 1653 vart de Witt gjennom onkelen Cornelis de Graeff statssekretær og fekk stor innverknad på den dåverande utanrikspolitikken. Gjennom leiinga hans vart det i 1654 erklært fred med England, og Westminster-avtalen underteikna. I desse turbulente tidene utgjorde rådgjevaren hans Coenraad van Beuningen ei stor støtte.

Perioden hans som statsmann var prega av ei sterk økonomisk vekst og sjølve høgdepunktet i den såkalla «Nederlandske gullalderen».

Etter at Nederland i 1665 igjen hadde erklært krig med England, var de Witt på ny aktuell i fredsforhandlingar. I 1667 vart Breda-avtalen underteikna, som på ny erklærte fred mellom dei to statane.

Traktat om livrenta

I 1671 publiserte de Witt ein traktat ved namn Waerdye van Lyf-Renten Naer Proportie van Lós-Renten, der han viste at livrenta til eit bestemt rentenivå var billegare enn oppseielege skuldbrev. Sidan han berre kunne vise til lite tilfredsstillande statistikk frå det nederlandske livrenteregistret, baserte han utrekningane sine på ein enkel statistisk mortalitetsmodell. mini|Lika til brørne Johan og Cornelis de Witt, Den Haag, august 1672. Måleri av Jan de Baen,Rijksmuseum (Amsterdam)

Seinare år Etter freden reduserte de Witt styrken til hæren. Dette førte til ulukke da Ludvig XIV gjekk til åtak på Nederland i 1672. De Witt vart etterfølgd av Vilhelm III og same år myrda av ei opphissa folkemengd saman med bror sin Cornelius de Witt.

Sjå òg Cornelis de Graeff Coenraad van Beuningen Geschichte der Niederlande Freunden von De Witt (niederl.)

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Johan de Witt» frå , den 28. juli 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Jan Romein, Annie Romein-Verschoor: Erflaters van onze beschaving - Johan de Witt, Stichting dbnl Leiden Buste van Mr. Johan de Witt, raadpensionaris van Holland, von Artus Quellinus (1665) C. L. Kaulbach: Johann de Witt. Trauerspiel in fünf Akten., München 1844 (Digitalisat der ULB Darmstadt)

Kategori:Nederlandske politikarar Kategori:Folk frå Dordrecht Kategori:Elevar ved Universitetet i Leiden