Lytchett Minster er ein landsby ved utkanten av Poole i grevskapet Dorset i England. Han er del av eit verdsleg sokn saman med nabolandsbyen Upton, som ligg på den andre sida av vegen A35. Til saman hadde dei to stadene 7573 innbyggjarar i 2001, der fleirtalet budde i Upton.
mini|venstre|Lytchett Minster.
Lytchett Minster ligg på lågtliggande dyrka mark rundt 2 km vest for Upton og 2,5 km søraust for landsbyen Lytchett Matravers. I nordaust ligg naturområda Lytchett Heath, Beacon Hill og Upton Heath, og i sørvest ligg Gore Heath og Holton Heath.
Det ligg fleire herregardar i Lytchett Minster. Ein av dei huser Lytchett Minster School med rundt 1400 elevar.
Lytchett Minster Rugby Club spelar i Hampshire League og i Dorset and Wilts League.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lytchett Minster» frå , den 25. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Landsbyar i Dorset