Flåvær er ei lita gruppe med holmar på Herøyfjorden i Møre og Romsdal i Herøy kommune på Sunnmøre, og omfattar holmen Flåvær, Husholmen, Torvholmen og Varholmen.
mini|Kart over Flåvær.
I dag er Flåvær fråflytta, men det ein kan ha ferie og konferansar på Torvholmen.
I 1981 var totalt 14 innbyggjarar på dei fire holmane. Tidlegare var det stor aktivitet på Flåvær grunna den sentrale posisjonen i Herøyfjorden. Flåvær fungerte som fiskevær og kjøpmannsstad. Frå 1873 til 1976 var der postkontor, og frå 1929 til 1961 og frå 1981 til 1984, skule. Her finn ein òg Flåvær fyr som vart oppført i 1870.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå Digitalarkivet 2024 10 21 0
Flåvær postkontor Postkontoret heldt til i ei sjøbu på holmen Flåvær. Det opna i 1873 og vart lagt ned i juli 1976. Postnummeret og namnet på postkontoret var 6078 Flåvær.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Turistverksemd «6078 FLAAVÆR» i Poststedsdatabasen til Postmuseet
Kategori:Matrikkelgardar i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Øyar i Herøy i Møre og Romsdal