mini|Antibiotika stansar veksten av bakterien Staphylococcus aureus på ei petriskål.

Antibiotika er stoff som kan hindra formeiringa eller drepa ulike mikroorganismar.Waagsbø, Bjørn: antibiotika i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 21. august 2025. Antibiotika kan verta brukt som lækjemiddel for å behandla eller førebygga nokre typar bakterieinfeksjonar, det er ikkje brukande mot virus. Det er mange bakterieinfeksjonar som går over av seg sjølv, og som difor ikkje treng antibiotikabehandling. Bakteriar kan sjølv produsera og spreia antibiotikum for å hevda seg i konkurransen med andre bakteriar.

Ulike typar antibiotikum Smalspektra- og breispektra antibiotikum Antibiotika kan delast inn i to typar: dei smalspektra og dei breispektra. Mange antibiotikum er smalspektra. Dei smalspektra verkar berre på visse bakteriar, medan breispektra antibiotika kan gå laus på fleire ulike bakteriar samstundes. I dei tilfella der meir eller mindre tradisjonelle antibiotika ikkje verkar, kan ein bruka breispektra antibiotikum. Bruken av breispektra antibiotikum er gjerne avgrensa til særleg alvorlege infeksjonar, ettersom dei også går laus på nyttige bakteriar i kroppen og inneber dessutan ein høgare risiko for antibiotikaresistens.

Verkemåte mini|Angrepspunkt for antibiotika. Antibiotika kan delast inn i ulike klasser basert på verkemåten deira:

Antibiotikum som råkar celleveggsyntesen til bakteriar T.d. β-laktam-antibiotikum og glycopeptid antibiotikum Antibiotikum som råkar proteinsyntesen til bakteriar T.d. tetrasyklinar, makrolidar og aminoglykosidar Antibiotikum som verkar på strukturen og funksjonen til cellemembranen hjå bakteriar T.d. polymyxinar og daptomycin Antibiotikum som verkar på DNA- og/eller RNA-syntesen hjå bakteriar T.d. fluorquinolonar og metronidazol Antimetabolittar som verkar på folsyresyntesen hjå bakteriar T.d. sulfonamidar og trimethoprim

Biverknader Antibiotikabehandling som er meint å ramma ein spesiell sjukdomsframkallande bakterie vil også ramma mange andre bakteriar som er del av mennesket sin normalflora, dette kan mellom anna føra til diaré og soppinfeksjon som biverknader. Forutan kan kvalme vera ein biverknad ved antibiotikabehandling.

Antibiotikaresistens Bakteriar som greier å motstå effekten av antibiotika kallast gjerne resistente. Resistente bakteriar vert utvikla som følgje av at dei er veldig tilpassingsdyktige. Dette gjer at antibiotika kan verta mindre effektiv i framtidige behandlingar. Til dømes fungerer ikkje antibiotikumet penicillin mot penicillinresistente bakteriar. Internasjonal reiseverksemd og dyrehandel kan bidraga til å spreia antibiotikaresistens. Vidare kan sjølvmedisinering og overforbruk av antibiotika føra til auka antibiotikaresistens. Verdas helseorganisasjon ser på antibiotikaresistens som ein av dei største trugslane mot helse og utvikling.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Antibiotikum» frå , den 27. august 2025.

Bakgrunnsstoff

Internettportal om antibiotikaresistens ved nettstaden til Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Antibiotika ved nettstaden til Verdas helseorganisasjon.

Nasjonal faglege retningslinjer Antibiotika i primærhelsetenesta i helsedirektoratet.no Antibiotika i sjukehus i helsedirektoratet.no

Kategori:Baktericid