Ringwood er ein historisk marknadsby i grevskapet Hampshire i England. Han har kring 15 000 innbyggjarar og ligg ved elva Avon, nær New Forest og nord for Bournemouth. Byen har marknad ein gong i veka på den tradisjonelle marknadsplassen. Ein kvegmarknad vart lagt ned i 1989.

Ringwood vart kjend som den nest dyraste marknadsbyen i England i juli 2008 med gjennomsnittlege bustadprisar på over £380 000.http://www.telegraph.co.uk/news/uknews/2435829/Market-towns-most-likely-to-beat-housing-slump.html

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ringwood» frå , den 21. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Hampshire