Dawley er ein by i grevskapet Shropshire i England. Han har kring 11 500 innbyggjarar og er i dag ein del av den planlagde byen Telford. Då Telford vart grunnlagd i 1963 var det meininga at han opphavleg skulle ha namnet Dawley New Town, men i 1968 valde ein namnet Telford etter ingeniøren og vegbyggaren Thomas Telford. Dawley er derimot ein av dei eldste busetnadane i Shropshire og er nemnd i Domesday Book.

mini|venstre|St. Leonard's Church.

Folk frå Dawley William Foulke, fotballspelar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dawley» frå , den 19. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Shropshire