Elwy (walisisk Afon Elwy) er ei elv i nordlege Wales, og er ei sideelv til elva Clwyd. Elwy blir danna ved byen Llangernyw der tre elver møtest; Cledwen, Collen og Gallen. Ho flyt austover gjennom Llanfair Talhaiarn og nokre kilometer nedstraums frå byen møtst ho av sideelva Aled.

Etter at elva har passert gjennom Bona-newydd vender ho seg nordover igjen og flyt gjennom St. Asaph. Ho renn ved Clwyd omtrent midt mellom St. Asaph og Rhuddlan, og elvene strøymer ved sida av kvarandre i fleire kilometer.

Fleire grotter langs Elwys nedre elvedal er av stor arkeologisk interesse, i ei av dei har ein funne restar av eit neandertalarmenneske, og dette er den mest nordvestlege staden der leivninga av ein slik mennesketype er funnen.

Elwy er òg kjent for lakse- og aurefiske sitt.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elwy» frå , den 7. juli 2011.

Kategori:Elvar i Wales