Quaggy er ei elv i London. Ho er 17 km lang, og renn gjennom bydelane Bromley, Greenwich og Lewisham. Den øvre delen er kjent som Kyd Brook (òg stava Kidbrooke).
Elva har utspringet sitt ved Locksbottom vest for Orpington, med ei sekundær kjelde ved Bromley Common. Ho renn nordover gjennom Chinbrook Meadows i Grove Parken, og så gjennom Lee til Lewisham der ho renn inn i Ravensbourne ved sida av Lewisham stasjon.
Mykje av strekninga er lagt gjennom ein kanal. Strekninga gjennom Chinbrook Meadows var fram til 2002 i kanal, men har fått tilbake den naturlege utsjånaden sin.
Namnet er truleg opphavleg ei skildring av området langs elva, quaggy tyder «myrlendt» eller «gjørmete».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Quaggy» frå , den 7. juli 2011.
Kategori:Elvar i London Kategori:Bromley Kategori:Greenwich Kategori:Lewisham