Great Ouse er ei elv i East Anglia i England. Ho er 240 km lang og dermed den lengste vassvegen i East Anglia og den femte lengste elva i Storbritannia. Den nedre delen av elva er kjent som Old West River og Ely Ouse.

Elva har fleire kjelder nær landsbyane Syresham og Sulgrave i Northamptonshire. Ho renn gjennom Brackley, Buckingham, Milton Keynes i Stony Stratford, Newport Pagnell og Olney, Bedford, St. Neots, Godmanchester, Huntingdon, St. Ives, Ely, Littleport og Downham Market før ho munnar ut i The Wash ved King's Lynn.

Elvane som renn inn i Great Ouse er, lista ovanfrå og nedover elva:

Padbury Brook Lovat Odell Rill Ravensden Brook Elstow Brook Gadsey Brook Kym Hen Brook Duloe Brook Begwary Brook Ivel Cam Lark Little Ouse Wissey Old Bedford River New Bedford River

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Great Ouse» frå , den 3. juli 2011.

Bakgrunnsstoff Elvar i Fens

Kategori:Elvar i Bedfordshire Kategori:Elvar i Buckinghamshire Kategori:Elvar i Cambridgeshire Kategori:Elvar i Norfolk Kategori:Elvar i Northamptonshire