Clytoctantes er ei biologisk slekt av grovnebb i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Hannar er grå eller svarte og hoer er i hovudsak raudbrune. Det kraftige nebbet har eit utprega oppkurva underkjevebein og ein rett overkjeve, Culmen. Nebbet er moglegvis er ei tilpassing for opning bambusrøyr i søk etter insekt. Dei to artane var frykta å vere utrydda eller nær utrydda, heilt til begge vart gjenoppdaga i 2004. Artslista Clytoctantes i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.

Kolgrovnebb, Clytoctantes alixii Rondoniagrovnebb, Clytoctantes atrogularis

Ein art utanfor denne slekta, svartgrovnebb, Neoctantes niger, ber òg fellesnamnet grovnebb og er ein monotypisk art i Neoctantes.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Clytoctantes» frå , den 2. juli 2011

Referansar

Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fugleslekter