mini|Neuer Markt i Wien med Capuchinkyrkja og Haus zur Mehlgrube til høgre, måleri av Canaletto, 1760 Pianokonsert nr. 20 i d-moll, K. 466, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1785. Han vart først framført på Mehlgrube Casino i Wien den 11. februar 1785, med komponisten sjølv som solist.Steinberg (1998, 303-305)

Bakgrunn Eit par dagar etter den første framføringa skreiv faren Leopold til dottera Nannerl om den nylege suksessen til broren.

Verket er skrive i d-moll. Andre verk av komponisten i denne tonearten er Fantasi K. 397 for piano, Rekviem, ein kyrie og delar av den mørke operaen Don Giovanni. Det er den første av to solokonsertar skriven i moll (den andre er nr. 24).

Den unge Ludwig van Beethoven beundra denne solokonserten og spelte han i repertoaret sitt. Den kjende dirigenten Daniel Barenboim hevda at denne konserten var favorittmusikkstykket til Josef Stalin.http://mahler.universaledition.com/daniel-barenboim-on-gustav-mahler/ , 8:30

Satsar Konserten er skriven for solo piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar. Som typisk for ein solokonsert, er han skriven i tre satsar:

Allegro Romanze Allegro assai

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 20 (Mozart)» frå , den 10. juni 2011. oppgav desse kjeldene: Girdlestone, C. M. Mozart's Piano Concertos. Cassell, London. Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press. Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 17-22 in full score. Dover Publications, New York. Steinberg, M. The Concerto: A Listener's Guide, Oxford (1998)

Bakgrunnsstoff

BBC Discovering Music (browse for .ram file for this work)

20 Kategori:Musikk i 1785