New Zealand Company vart skipa i 1839 i London med føremålet å fremja «systematisk» kolonisering av New Zealand. I koloniseringsprosessane skulle selskapet følgja prinsippa til Edward Gibbon Wakefield, som såg for seg danninga av ein ny modell av engelske samfunn på den sørlege halvkula. Selskapet skipa busetnadar ved Wellington, Nelson, Wanganui og Dunedin, og medverka også i grunnlegginga av New Plymouth og Christchurch. New Zealand Company nådde høgdepunktet i verksemda si kring 1841, men møtte økonomiske vanskar i 1843. Det kom aldri over desse, og selskapet vart oppløyst i 1858.
New Zealand Company vart kjent for si detaljerte og storslåtte annonsering, og for sine sterke åtak på dei som vart oppfatta som motstandarane deira – det britiske Colonial Office (Kolonisekretariatet) og etterfølgjande newzealandske guvernørar. Det stod sterkt mot Waitangitraktaten, og vart i sin tur ofte kritisert av Kolonisekretariatet og newzealandske guvernørar for «lureri» og løgner. Selskapet såg også på seg sjølv som ei framtidig kvasi-regjering på New Zealand, og føreslo i 1845 og 1846 å dela kolonien i to, langs ei linje frå Mokau i vest til Cape Kidnappers i aust – og å reservera nord for māoriar og misjonærar, medan sør skulle verta ein sjølvstyrt provins, kjent som «New Victoria» og styrt av selskapet. Kolonisekretariatet avslo framlegget.
Tidlege freistnadar på kolonisering
Det tidlegaste organiserte forsøket på å kolonisera New Zealand fann stad i 1825, då eit selskap som også bar namnet «The New Zealand Company», vart skipa i London og leia av jarlen og parlamentsmedlemmet John George Lambton. Selskapet søkte — utan hell — den britiske regjeringa om ei 31 års avtale med eksklusiv rett til handel, såvel som kommando over ein militær styrke, i det det var venta at det kunne gjerast stor forteneste på Phormium, kauritømmer, kval- og selfangst. Året etter sende det ut to skip under kommando av kaptein James Herd for å utforska utsikter for handel og moglege stadar for busetnadar på New Zealand.
I september eller oktober 1826 segla skipa «Lambton» og «Isabella» (eller «Rosanna») inn i Te Whanganui-a-Tara, (våre dagars Wellington Harbour), som Herd gav namnet Lambton Harbour. Herd utforska området og meinte at landet sørvest i hamna eigna seg best som stad for ein europeisk busetnad. Skipa segla deretter nordover for sjå etter handelsutsikter, og kjøpte landområde — seinare krav var på ein million acres (4000 km²) — frå lokale maoriar i Hokianga, Manukau og Paeroa på vegen. Selskapet valde å ikkje starta noka form for handels- eller busetnadsføretak, og avslutta aktiviteten etter å ha brukt 20 000 pund på føretaket.
mini|høgre|Edward Gibbon Wakefield
Edward Gibbon Wakefield
Edward Gibbon Wakefield tok fram att planane om busetnad på New Zealand i 1830-åra. Wakefield var vaksen opp i ein familie med røter i filantropi og interesse for sosiale reformer. I 1829, medan han sat i fengsel for å ha gifta seg med og rømt bort med ein 15 år gammal arving, gav han ut ein pamflett og ein serie avisartiklar – dei sistnemnde vart etter kvart utgjevne som ei bok – der han gjekk inn for kolonisering av Australasia. Wakefield sin plan innebar danning av eit selskap som skulle kjøpa land frå dei innfødde innbyggjarane svært billeg og deretter selja det til spekulantar og «nybyggjarar med klasse» («gentlemen settlers») for ein mykje høgare sum. Vanlege emigrantar skulle sørgja for arbeid til å dyrka opp jorda til overklassen, og ivareta alle behova han hadde. Etter kvart ville dei vera i stand til å kjøpa si eiga jord, men høge prisar og låge løner ville sikra at dei først måtte arbeida i mange år.
Mange av dei som hadde hatt interesser i New Zealand Company frå 1825 tok varmt mot Wakefield sine idear, og brukte dei i 1834 som eit grunnlag for koloniseringa av South Australia, der tilhengjarane hans føreslo å skapa «eit perfekt engelsk samfunn». Wakefield såg på røynslene i South Australia som eit feilslag, men i 1836 kasta han augene på New Zealand, som ein stad der teoriane hans om «systematisk» kolonisering kunne setjast i verk. Eit år seinare leia han det første møtet i New Zealand Association. Av dei tidlege medlemmene var parlamentarikarar som William Hutt og sir William Molesworth, journalisten, redaktøren og grunnleggjaren av vekemagasinet The Spectator, Robert Stephen Rintoule, og londonbankieren John Wright. Wakefield utarbeida eit lovframlegg for å kunna setja selskapet sine planar ut i livet.
Lovframlegget møtte sterk motstand, tenestemenn i Kolonisekretariatet og i kyrkjelege misjonsorganisasjonar var usamde både i den «uavgrensa makta» som grunnleggjarane i kolonien ville utøva, og det som dei såg på som den uunngåelege «erobringa og utryddinga av dei noverande innbyggjarane». Anglikanske og Wesleyanske misjonærar var særleg uroa over uttrykk i pamflettar skrivne av Wakefield, der han heldt fram at eit av måla for koloniseringa var å «sivilisera eit barbarisk folk» som «knapt kan dyrka jorda». Maorien, skreiv han, «bad om» kolonisering og såg opp til engelskmannen som «så høgt over han sjølv at tanken å hevda si eiga likestilling og sjølvstende aldri fall han inn». Wakefield føreslo at når maorihøvdingar hadde selt jorda si til busetjarar for ein liten slant, skulle dei «adopterast» av engelske familiar og få opplæring og rettleiing.
The New Zealand Land Company Mot slutten av 1837 hadde selskapet byrja å vinna ein viss framgang i regjeringskrinsar, og fekk i desember tilbod om eit kongebrev (Royal Charter) med rett til å få ansvar for administrasjon og lovgjevande, dømande, militære og finansielle saker i kolonien New Zealand, underlagt tilsyn og kontroll av den britiske regjeringa. Men for å få dette brevet, vart selskapet fortalt av koloniministeren, Lord Glenelg, måtte det omdannast til eit aksjeselskap, eit vilkår det i byrjinga avslo. Men i august 1838 vart selskapet avvikla og erstatta av to organisasjonar, New Zealand Colonisation Company og New Zealand Land Company. I mai 1839 slo båe desse organisasjonane seg saman med New Zealand Company av 1825 og danna New Zealand Land Company, og i desember vart namnet New Zealand Company valt for dette eine kompaniet som skulle senda emigrantar til New Zealand. Nok ein gong var Edward Gibbon Wakefield den drivande krafta, men innan den tid var tilbodet om eit kongebrev drege attende.
I den britiske regjeringa var det i mellomtida vakse fram uro over velferda til māoriane, og over den aukande lovløysa mellom dei 2000 britiske undersåttane på New Zealand, som for ein stor del heldt til i Bay of Islands. På grunn av den britiske populasjonen der, meinte tenestemenn at koloniseringa no ikkje lenger var til å unngå, og ved slutten av 1838 vart det vedteke å utnemna ein konsul som ei førebuing til ei fråsegn om britisk suverenitet over New Zealand. Leiarane i New Zealand Company visste at ei slik fråsegn ville føra med seg stans i alle sal av land i påvente av etableringa av effektiv britisk kontroll, og i tillegg kontroll med europeisk kjøp av maoriland. Dei hadde andre planar som gjekk ut på å handsama New Zealand som eit sjølvstendig framandt land, og kjøpa land direkte frå māoriar, då dei visste at dette ville gje dei ein betre handel.
Ekspedisjonen i 1839 og kjøp av land
New Zealand Company organiserte snøgt ein ekspedisjon for å kjøpa land. Han segla til New Zealand med skipet «Tory» den 12. mai 1839, under kommando av Wakefield sin yngre bror, oberst William Wakefield og med Edward Main Chaffers som skipskaptein. Eit anna skip, «Cuba», med ei gruppe landmålarar og leia av kaptein William Mein Smith, segla ut i august. Ein månad seinare følgde det første av ni immigrantskip, enno før ordet om suksessen til «Tory» og «Cuba» hadde nådd London. Immigrantflåten hadde ordre om å segla til Port Hardy på D'Urville Island der dei skulle få vita det endelege målet sitt.
Med hjelp av kvalfangaren og handelsmannen Dicky Barrett som hadde god kontakt med māorifolk, og litt kjennskap til språket deira, byrja William Wakefield å forhandla om å kjøpa land frå māoriane kring Petone i Wellingtonområdet straks han kom til New Zealand, og mot slutten av 1839 hadde han fått i stand fleire kjøpsavtalar så langt nord som til Patea, avtalar som det snøgt vart diskusjonar om legitimiteten til.
Busetnaden kom til å verta svært ulik det som var planlagt i England. Mellom dei mange usanningane som var framlagde i selskapet sine prospekt og annonsar om naturtilhøva i landet vart Wellington omtala som ein stad med bølgjande sletter, høveleg for dyrking av vindruer, oliven og kveite. Planar som var utarbeida i England viste parallelle gater og seksjonar som ikkje hadde nokon bakgrunn i dei topografiske tilhøva i området. Gater og seksjonar, parkar og kyrkjegardar var teikna inn i eit område som bestod av myrlendt delta eller høge åsar og bratte raviner.
Waitangitraktaten
New Zealand Company hadde lenge venta på inngrep av dei britiske styresmaktene i føretaka sine på New Zealand, og dette skjedde til slutt etter underteikninga av Waitangitraktaten den 6. februar 1840. Traktaten overførte ikkje berre suvereniteten frå maoriane til den britiske krona (i alle høve i den engelske versjonen), men under den såkalla forkjøps-klausulen fekk maoriane forbod mot å selja land til andre enn krona eller agentane hennar. Guvernør Hobson fraus straks alt sal av land, og bestemte at alle eksisterande kjøp var ugyldige i påvente av gransking. Traktaten sette New Zealand Company i ein svært vanskeleg stilling. Det hadde ikkje tilstrekkeleg land til nybyggjarane som kom, og det kunne ikkje lenger på lovleg måte selja det landet som det påstod det hadde eigedomsrett til.
Dei britiske styresmaktene letta gradvis på restriksjonane på sal av land etter ein avtale mot slutten av året mellom selskapet og koloniministeren, Lord John Russell, som let det kjøpa land frå krona til ein rimeleg pris, og rett til å kjøpa og selja land under statleg tilsyn. Pengane som staten fekk inn ved sal av land til New Zealand Company skulle brukast til hjelp for innvandring til New Zealand. Avtalen vart hylla av selskapet som «alt som vi kunne ønskja ... vårt selskap skal vera den verkelege agenten for statleg kolonisering av New Zealand». Regjeringa skreiv frå seg forkjøpsretten i Wellington-området, Wanganui og New Plymouth i september 1841.
Hobson sende kolonisekretæren sin, Willoughby Shortland og ein del soldatar til Port Nicholson (Wellington) for å markera det britiske overherredømet ved å planta Unionsflagget og gjera ein ende på det som hans administrasjon oppfatta som ei utfordring av britisk suverenitet – eit «koloniråd», komplett med primitive juridiske institusjonar, leia av Wakefield og Smith. Hobson meinte at kolonistane var i ferd med å danna ein «republikk», og såg på selskapet si framferd som eit trugsmål.
Busetjinga i Wellington
Påverka av sjefslandmålaren sin, kaptein William Mein Smith i Royal Artillery, grunnla selskapet i januar 1840 den første busetnaden, som det kalla Britannia. Busetnaden var delt inn i 1100 seksjonar, kvar på ein acre, på det flate landet i Pito-one, ved munningen av Hutt River. I tillegg hadde kvar nybyggjar kjøpt 100 country acres (omkring 40 ha) som skulle liggja i nærleiken, der dei skulle dyrka jorda, skaffa seg mat og etter kvart verta sjølvforsynte. Det viste seg at dalen ved Pito-one var ei blanding av tett skog, kratt, Phormium og sumpland, utsett for flaum, og med ei strand så grunn at skipa var nøydde til å ankra opp 1600 meter frå land. I mars, åtte veker etter at det første passasjerskipet nådde fram, røysta nybyggjarane for å gje opp utbygginga i Pito-one og flytta byen mot sørvest til Thorndon, eit av dei få relativt flate områda ved hamna.Edward Jerningham Wakefield, "Adventure in New Zealand", Vol. 1, pub. John Murray, 1845.
mini|venstre|John Lambton, 1st Baron Durham.Området Lambton Bay (seinare Lambton Quay) fekk namnet sitt til ære for Lord Durham, som hadde vore nært knytt til danninga av New Zealand Company.