thumb|Provinsen Carolina 1663 og 1729, og den påfølgjande delinga i ein nordleg og ein sørleg del. Provinsen Carolina, engelsk The Province of Carolina, var mellom åra 1663 og 1729 ein britisk koloni i Nord-Amerika. Provinsen vart delt 1729 i ein nordleg og ein sørleg provins som etter sjølvstendeerklæringane til USA vart delstatane Nord-Carolina og Sør-Carolina.
Provinsen Carolina var ein koloni i britiske Amerika, kontrollert av Lord Proprietors, eigarane, ei gruppe på åtte engelske adelsmenn, blant anna rikskanslaren Edward Hyde, og som vart uformelt leia av Anthony Ashley-Cooper, 1. jarl av Shaftesbury. Misnøye over styringa av provinsen førte til at ein stadsfortredande guvernør vart utnemnd for å administrere den nordlege halvdelen i 1691.
Delinga av ein nordleg og sørleg del vart endeleg i 1712, men begge kolonien vart verande hos den same gruppa av eigarar. Eit opprør mot eigarane braut ut i 1719 som førte til at det vart utnemnt ein kongeleg guvernør for Sør-Carolina i 1720. Etter bortimot eit tiår der den britiske regjeringa freista å kjøpe ut eigarane vart både Nord-Carolina og Sør-Carolina kongelege koloniar i 1729.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Provinsen Carolina» frå , den 28. mai 2011.
Bakgrunnsstoff Royal Patent of Carolina province of 1629 Carolina Charter of 1663 Carolina Charter of 1665 Concessions and Agreements of the Lords Proprietors of the Province of Carolina, 1665 Sir Robert Heath's Patent The Founding of North and South Carolina
Kategori:Tidlegare monarki i Nord-Amerika Kategori:Tidlegare land i Nord-Amerika Kategori:Skipingar i 1663 Kategori:Nedleggingar i 1729 Kategori:Historia til Dei tretten koloniane Kategori:Tidlegare britiske koloniar Kategori:Tidlegare engelske koloniar Kategori:Historia til Nord-Carolina Kategori:Historia til Sør-Carolina