General Hermann Otto II av Limburg-Styrum (), greve av Limburg-Styrum og Bronckhorst, eineveldig herskar av Gemen, var sonen til Adolf Ernst av Limburg-Styrum og var kommandant i Det tysk-romerske riket.

Han arva herredømet over Gemen i 1675, 18 år etter faren døydde. Mora grevinne Isabella von Vehlen og Meggen av Raesfeld hadde regjert i mellomtida.

Han kjempa i den spanske arvefølgjekrigen i teneste for keisar Leopold I mot Frankrike og Bayern.

I 1703 tapte han slaget ved Höchstädt mot fransk-bayerske styrkar under general Villars. I 1704 leia han det andre åtaket på fiendtlege stillingar i slaget ved Schellenberg og vart dødeleg skadd. Han døydde nokre dagar seinare.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hermann Otto II of Limburg Stirum» frå , den 22. mai 2011.

Kategori:Limburg-Styrum Kategori:Tyskarar i den spanske arvefølgjekrigen