Trygve Nygaard () er ein norsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han på midtbanen for Haugesund i Eliteserien.

Nygaard gjekk frå Haugesund til Viking i 1999. Han blei aldri nokon stjernespelar i Viking, men han var elska av publikum på grunn av innsatsviljen og lojaliteten sin. Han var heller ikkje nokon goalgettar, men han hadde eit tungt skot, som han viste fram ved enkelte høve. Best blir han hugsa for målet sitt mot Austria Wien i 2005, som sikra Viking gruppespel i UEFA-cupen.

Etter å ha spelt fast på Viking, sleit Nygaard med å få speletid i 2007, og han bestemte seg for å flytte heim til Haugesund. Sommeran 2007 stranda ein overgang til FK Haugesund på Viking sine kravNygaard for dyr for FK Haugesund , Aftenbladet.no, 3. juli 2007, men 23. oktober gjekk overgangen til slutt i orden.Nygaard til FK Haugesund , Aftenbladet.no, 23. oktober 2007

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 19. mai 2011.

Fotnotar

Kjelder Spelarprofil på Haugesund sine nettsider

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Haugesund-spelarar Kategori:Viking-spelarar Kategori:Folk frå Haugesund