mini|'Utsendingane ved fredskongressen i Baden 7. september 1714'. Måleri av Johann Rudolf Huber (1668–1748).

Freden i Baden var avtalen som enda fiendskapen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket, som hadde vore i krig sidan starten av den spanske arvefølgjekrigen. Han vart signert den 7. september 1714 i Baden i Sveits og utfylte freden i Utrecht og freden i Rastatt der keisar Karl VI aksepterte Utrecht-avtalen på vegner av Habsburgmonarkiet. I Baden-traktaten vart det formelt fred mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket og den siste av dei mange konfliktane som var ein del av den spanske arvefølgjekrigen enda.

Under avtalen fekk Austerrike Dei sørlege Nederlanda og dei spanske områda i Italia, som Napoli (men ikkje Sicilia), Milano, Mantova og Sardinia. Avtalen tillét Frankrike å behalde Alsace, og gav austbreidda av Rhinen (Breisgau) til Austerrike. Kurfyrstane i Bayern og Köln vart gjeninnsette i områda og stillingane sine. Keisar Karl VI heldt på tittelen konge av Spania og den spanske arva - som i røynda ikkje hadde noko verdi, sidan makta i Spania låg hos kong Filip V av Spania aleine.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treaty of Baden» frå , den 16. mai 2011.

Baden Baden Kategori:Avtalar i 1714 Kategori:Den spanske arvefølgjekrigen