Karl II (), òg kjend som den Forheksa (spansk El Hechizado), var konge av Spania, Napoli, og Sicilia, og regjerte i perioden mellom 1665 og 1700. Han var son av forgjengaren, kong Filip IV av Spania og den andre dronninga hans, Mariana av Austerrike, begge av habsburgerslekta. Han var den siste i den spanske greina av huset Habsburg, og hadde ei sterk funksjonshemming.
Funksjonshemming Karl II leid av mange mentale og fysiske utfordringar. Han var vaklevoren, sjukeleg og veik i både sinn og kropp, og kunne knapt gå eller snakke, på grunn av langvarig innavl innanfor huset Habsburg. Han hadde eit deformert andlet, delvis på grunn av mandibulær prognati, dvs. framskotne kjevar og fortenner. Ein analyse av kongen sin døde lekam viste at han leid av Klinefelters syndrom. Det er òg mogleg at han leid av beinsjukdommen akromegali.
Keisar Maximilian I (1459–1519) hadde teikn på den såkalla «habsburgerkjeven», eit underbitt som auka i omfang i slektsledd etter slektsledd. Han nedstamma fjorten gonger frå Johanna den vanvittige. Mor hans var søsterdotter til far hans. venstre|mini|Karl II, mellom 1670–1680.
Regjeringstid Sidan Karl var mindreårig då han vart konge, var mora hans regent gjennom størsteparten av regjeringstida hans. Sjølv om ho vart tvinga i eksil av halvbroren til kongen, Johan av Austerrike (den yngre), vende ho tilbake for å regjere etter at Johan døydde.
Nedgangstida til Spania hadde vart gjennom mesteparten av hundreåret, og heldt fram gjennom heile regjeringstida til Karl. Gjennom ei fredsavtale med Portugal i 1668 vart likevel enklaven Ceuta i Nord-Afrika, avstått til Spania (som han framleis høyrer til).
I 1679 gifta Karl II seg med Marie Louise (1662–1689), dotter av Filip I av Orléans, den einaste broren til Ludvig XIV av Frankrike. Truleg var kongen impotent, og han fekk ingen born. Marie Louise vart svært deprimert, sjukeleg overvektig og døydde i 1689, noko som gjorde Karl svært forstyrra. Han gifta seg for andre gongen med Maria Anna av Neuberg, svigerinna til Leopold I av Det tysk-romerske riket. Men dette ekteskapet gjekk ikkje betre enn det første. Mot slutten av livet sitt vart Karl stadig meir overkjensleg og merkeleg, og på eit tidspunkt gav han ordre om at leivningane etter familien hans skulle gravast opp slik at han kunne sjå på lika. Han skal ha gråte då han såg liket av kona si, Marie Louise.
I dei to siste leveåra vart han var meir eller mindre hjelpelaus. Han var heilt lam, skalla, døv, nesten tannlaus, og nesten heilt blind. Han var òg offer for epileptiske anfall. I 1700 døydde han, knapt 39 år gammal. Gjennom heile regjeringstida til Karl venta fyrstar i Europa på at han skulle døy, for dermed ville ætta hans vere utdøydd, og dei andre fyrstehusa kunne gjere meir eller mindre rettmessige krav på trona. Likevel viste det seg at Karl II sjølv hadde peikt ut etterfølgjaren sin; i testamentet overlét han trona til Philippe de Bourbon, hertugen av Anjou, sonesonen til Ludvig XIV av Frankrike, på det vilkåret at han ikkje arva trona til Frankrike. Dei øvrige stormaktene kunne ikkje tillate at Spania fall i hendene på Ludvig, og fylgjeleg byrja den spanske arvefølgjekrigen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Karl II av Spania» frå , den 15. mai 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Madrid Kategori:Spanske regentar Kategori:Fyrstar av Asturias Kategori:Fyrstar av Girona Kategori:Huset Habsburg Kategori:Hertugar av Brabant Kategori:Hertugar av Lothier Kategori:Hertugar av Milano Kategori:Grevar av Flandern Kategori:Grevar av Hainaut Kategori:Ordenen av det gylne skinnet Kategori:Incest Kategori:Stormeistrar av ordenen av det gylne skinnet Kategori:Sicilianske monarkar Kategori:Hertugar av Geldern Kategori:Luxembourgske hertugar Kategori:Santiago-ordenen