«Diamond Dogs» er ein song frå 1974 av David Bowie og tittelsporet på albumet med same namn. Songen vart òg gjeven ut som singel same året.

Teksten introduserer lyttaren til den nyaste personen til Bowie: Halloween Jack som bur på toppen av eit leilegheitskompleks på eit post-apokalyptisk Manhattan. Gitarstilen er kraftig påverka av The Rolling Stones og signaliserte at Bowie flytta seg bort frå glamrock og nærare ein protopunk- og Stooges-aktig stil.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.63

Tittelsporet vert av mange rekna som eit uvanleg val for singel, og han nådde berre 21. plassen på singellista i Storbritannia. I følgje NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray, var songen «som ein potensiell hitsingel uventa skuffande. For lang, for lite visjon, for vanskeleg å danse til... du veit kva det går i»Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.64 Singelen nådde ikkje singellista i USA, men vart ein sentral del av den nordamerikanske turneen til Bowie i 1974.

B-sida til singelen var «Holy Holy» frå 1971, ei nyinnspeling frå innspelinga av Ziggy Stardust same året.

Tekst og musikk

Songen er ein classic rock-song i Rolling Stones-stil med med ein grotesk tekst om folk med amupterte armar og bein i prestekjortlar, folk avviste av Tod Browning og forskjellig ultravald.

Songen opnar med applaus henta frå konsertalbumet Coast to Coast av the Faces, og ein kan til og med høyre Rod Stewart rope «hey» like før gitarriffet startar. Mot slutten har Bowie teke ei saksofonlinje spelt av Bobby Keyes på Rolling Stones sin «Brown Sugar». Hovudriffet til Bowie kan høyrast ut som ei omskriving av Stones sin «It’s Only Rock ‘n Roll (But I Like It)», som vart til under ein jam som Bowie deltok på. Songen endar med Bowie som spela reit Bo Diddley-riff..

Songen heitte opphavleg «Diamond Dawgs». og vart spelt inn frå 15. januar til midten av februar 1974.

Innhald «Diamond Dogs» (Bowie) – 5:56 (berre i Australia vart ei 2'58" lang utgåve vart nytta (RCA 102462) istaden for albumversjonenDavid Bowie -- http://www.illustrated-db-discography.nl/ entry for Diamond Dogs) «Holy Holy» (Bowie) – 2:20

Medverkande Produsentar: David Bowie på «Diamond Dogs» Ken Scott på «Holy Holy»

Musikarar: David Bowie: vokal, gitar, tenorsaksofon Herbie Flowers: bass Mike Garson: piano Aynsley Dunbar: trommer Mick Ronson: gitar på «Holy Holy» Trevor Bolder: bass på «Holy Holy» Mick Woodmansey: trommer på «Holy Holy»

Lister Liste (1974)PlasseringUK Singles Chart21Irish Singles Chart27

Konsertversjonar Eit konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeve ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen vart gjeve ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh. Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeve ut på Live Nassau Coliseum '76, ein del av 2010-utgåva av Station to Station.

Andre utgjevingar Songen finst òg på fleire samleplater: Changesonebowie (1976) The Best of Bowie (1980) Chameleon (Australia/New Zealand 1979) Changesbowie (1990) The Singles Collection (1993) The Best of 1969/1974 (1997) Best of Bowie (2002) The Platinum Collection (2005/2006) Nothing Has Changed (2014) Han vart gjeven ut som ein biletdisk i RCA Life Time-settet. 4:37-versjonen frå Best of Bowie-samlinga frå 1980 vart gjeven ut på bonusplata på 30th Anniversary edition av Diamond Dogs i 2004.

Andre versjonar Beck spelte inn ein versjon av «Diamond Dogs», produsert av Timbaland, for filmen Moulin Rouge! i 2001. Dansarane i filmen var òg kalla Diamond Dogs, på same vis som dansarane på turneen til Bowie i 1974. Blind Willie's Johnson - Only Bowie (1995) Dramarama - Konsertopptak (1992) Duran Duran - Thank You (japansk utgåve 1995) Rancid Vat - «Bowiecide» Graveyard School - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007) Gilby Clarke - Swag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diamond Dogs (song)» frå , den 4. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Beck-songar Kategori:Duran Duran-songar