«Friday on My Mind» er ein song frå 1966 av den australske rockegruppa The Easybeats. Han var skriven av medlemmane George Young og Harry Vanda, og vart ein hit verda over med ein 16. plass i USA i mai 1967,http://books.google.com/books?id=6ycEAAAAMBAJ&pg=PA65&dq=billboard+1967+may+20&hl=en&ei=0NSoTbq_Ko26tgfC_PSYAg&sa=X&oi=book_result&ct=result&resnum=1&ved=0CCgQ6AEwAA#v=onepage&q=billboard%201967%20may%2020&f=false 1. plass i Australia og 6. plass i Storbritannia. I 2002 vart han stemnd fram som den beste australske songen gjennom tidene av Australasian Performing Right Association (APRA) ved hjelp av ein jury på meir enn 100 folk frå musikkindustrien."Easybeats song voted Australia's best". ABC Radio (29 May 2000).

Skildring Versa i moll skildrar ei langvarig og keisam arbeidsveke, dag for dag («Monday morning feels so bad/Coming Tuesday I feel better»). Desse versa vert utsmykka med ein særeigen gitar. Oppbygginga til refrenget består av ein gradvis stigande vokal, som kulminerer med «Cos I'll have Friday on my mind!» og starta refrenget i dur som skildrar gledene med å ha helg i byen.

I tillegg til singelen som kom ut seint i 1966, vart songen gjeven ut som ein EP i september 1967 med songane «Sorry», «Who'll Be the One» og «Made My Bed, Gonna Lie in It».

Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar, først av The Shadows, som gjorde ein instrumentalversjon av songen for albumet Jigsaw i 1967. David Bowie spelte inn ein versjon av songen i 1973 for coveralbumet Pin Ups. Harry Vanda skildra denne som «den einaste coverversjonen eg likte».Debbie Kruger (2005). Op Cit: s.62 Same året gav Earth Quake ut songen på singel.

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Gary Moore, Peter Frampton, Richard Thompson (1000 Years of Popular Music), Ben Lee, The Busters, The Kursaal Flyers og punkbandet London.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friday on My Mind» frå , den 4. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Albert Music: The Easybeats 'Friday On My Mind' vart lagt til Sounds of Australia Registry i 2007

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Australske rockesongar Kategori:David Bowie-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Australia Kategori:Songar produsert av Shel Talmy Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar skrivne av Harry Vanda Kategori:Songar skrivne av George Young Kategori:United Artists Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar