Gabon, offisielt Republikken Gabon, er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Hovudstaden er Libreville. Namnet på landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabão, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk gabão.

Frå sjølvstendet i 1960 og fram til 1990-talet var Gabon styrt av eineveldige presidentar. Omar Bongo Ondimba hadde makta frå 1967 til han døydde i 2009. I 1991 blei ein ny konstitusjon teken i bruk, der ulike parti blei tillatne og meir demokratiske val kunne haldast. Bongo heldt likevel fram som president, og han blei etterfølgd av sonen Ali Bongo Ondimba. Denne blei avsett gjennom eit militærkupp i 2023. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vere ei lita folkemengd, rike naturtilgangar og støtte frå utlandet.

Geografi mini|venstre|Kart over Gabon med større byar avmerkte. mini|venstre|Topografisk kart over Gabon.

Geografisk sett er landet ei kystslette karakterisert av sandbankar og laguner som blir avbrotne av den breie elvemunningen til Ogooué. Gabon er dominert av det skogkledde elvbekkenet til dette store vassfaret, som i lag med bielvar renn gjennom 60 % av landet. Bielvane flyt ned frå det afrikanske sentralplatået nordover mot Ekvatorial-Guinea og Kamerun og frå Kongo-Brazzaville mot aust og sør.

Dei austlege delane av landet er dominert av eit breitt innlandsplatå på 500–1 000 meter over havet, der elva Ogooué og bielvar har grave ut basseng og dalar. Platået er bygd opp av prekambriske bergartar som granitt, gneis, sandstein og skifer. Det høgaste fjellet på platået er Mont Iboundji (972 moh.) i midten av Gabon.

I vest ligg det ei kystslette som er 20–40 kilometer brei i sør. Mot nord utvidar ho seg til å blir 120–140 kilometer brei, og ved utløpet til Ogooué ved Kapp Lopez er ho oppimot 200 kilometer brei. Cirka 80 kilometer sør for den nordre grensa i landet skjer Gabonelva djupt inn i landet, nesten til foten av fjella. Langs kystlinja finst det fleire lagunar.

Klima og miljø mini|Elefantar i Lopé nasjonalpark. Gabon har eit typisk ekvatorialt klima, tropisk regnklima, som inneber at det heile året er vått, varmt og fuktig med mykje skyer. Den årlege nedbørsnormalen ligg mellom 1250 og 2000 mm dei fleste stader, men stig til rundt 2500 mm nær kysten og i høgareliggande område. Den tørraste tida på året er juni til august då den intertropiske konvergenssona er lengst mot nord. Temperaturane vert sjeldan lågare enn 20 °C eller høgare enn 32 °C.

I landet er det regnskog og ein rik flora og fauna. Nokre av Gabon sine største miljøproblem er for stor skogshogst og tjuvjakt. Det største helseproblemet er hiv og aids. I 2001 var 9 % av den vaksne befolkninga smitta eller sjuke av hiv/aids.

65 % av landet sin elektrisitet vert produsert av vasskraft og resten med fossile brensel, som olje.

Miljø Nokre av dei største miljøproblema til Gabon på byrjinga av 2020-talet var for stor skoghogst, som leia til avskoging, og tjuvjakt. I tillegg kjem ein oljeindustri som bidrar til vassforureiningar og dessutan søppelfjell forårsaka av ei veksande befolkning. Landet har gjort ein innsats for å verna skogane sine, med bruk av digital sporing av trevirke for å sikra at det er lovleg felt og satellittovervaking mot ulovleg trefelling. Mellom 2010 og 2020 tapte det berre 0,1 skog per år.

Historie mini|Hellerissingar i Lopé nasjonalpark.

Gabon før sjølvstendet mini|Lokale folk med kokebananar og bambus til sals kring 1900.

Beltet av frodig grasmark som går gjennom Gabon har i fleire hundreår vore eit gjennomfartsområde for stammar frå Vest-Afrika til område sør om ekvator. Nokre bantutalande folkeslag slo seg ned der for godt. Frå det indre av noverande Kamerun kom seinare fangfolket, eit krigersk folk som hadde rykte på seg om å vera kannibalar. Dei selde elfenbein til europeiske kjøpmenn, som hadde nyskipa handelsplassar ute ved kysten, og fekk i bytte skytevåpen og andre varer. Portugisarane var dei fyrste som, kring 1470, slo seg ned ved kysten. Engelskmenn, nederlendarar, franskmenn og spanjolar følgde etter, mange av dei for å kjøpa slavar.

I 1849 skipa derimot franskmennene Libreville som ein koloni for frigitte slavar, etter same mønster som engelskmennene sin Freetown i Sierra Leone. Frankrike annekterte formelt Gabon 1885, og saman med tre andre koloniar blei landet i 1910 medlem av føderasjonen Ekvatorialafrika. Kring hundreårsskiftet leid landet under utnytting frå franske handelskompani, men etter 1910 blei dei verste forholda avskaffa. Franskmennene byrja utnytta dei rike råvaretilgangane til kolonien, og auka særleg eksporten av mahogni.

Det sjølvstendige Gabon mini|Klede til ære for Omar Bongo og den franske presidenten Georges Pompidou, som vitja Gabon i 1971.

I sluttfasen av kolonitida blei Fransk Ekvatorialafrika oppløyst, og Gabon blei sjølvstendig i 1960. Presidentane Léon M'ba og Omar Bongo (1967–2009) heldt på ein liten fransk troppestyrke i landet, som mellom anna bidrog til å avverja eit statskupp i 1964.

Den konservative, pro-franske haldninga til styresmaktene har fremja større utanlandske investeringar, dels frå private selskap og dels frå dei franske styresmaktene og frå Verdsbanken. Næringslivet i Gabon har utvikla seg raskt i samband med utnyttinga av mangan-, jernmalm-, olje- og uranressursane i landet. Gabon var ein eittpartistat der president Omar Bongo, fram til han døydde i 2009, hadde ei sterk stilling. Fram til 1990-talet blei Gabon styrt av eineveldige presidentar. I 1991 blei det vedtatt ein ny grunnlov som opna for fleire parti og meir demokratiske val. Gabon er eit av dei meir utvikla landa i Afrika, takka vera eit lite folketal, rike naturresursar og støtte frå utlandet.

Kuppforsøk 2019

7. januar 2019 blei det rapportert om eit militærkupp i Gabon. Seinare same dagen meldte styresmaktene at situasjonen var under kontroll og 4 av 5 kuppmakarar var arresterte. Kuppmakarane blei oppgitt å vera offiserar av lågare rang. Den siste blei arrestert seinare same dagen.

Kuppforsøk 2023 30. august 2023 kom det opplysingar om at militæret i Gabon hadde tatt over makta og oppløyst regjeringa. Militæret meldte at grensene i landet var stengde og at alle institusjonar i republikken var oppløyst. Militærkuppet fann stad etter at presidenten Ali Bongo var blitt gjenvald til ein tredje mandatperiode. Militæret valde seinare generalen Brice Oligui Nguema – ein fetter av Ali Bongo – til mellombels leiar. Folkesetnad mini|Kvinne i ipepe, tradisjonell klesdrakt for punufolk (ei eshiragruppe). I 2010 var Gabon eitt av dei minst tett folkesette landa i Afrika med cirka 5 innbyggarar per km². Den høgaste folketettleiken var langs kysten og langs dei store elvane. Dei største byane i landet var hovudstaden Libreville og hamnebyen Port-Gentil. Til saman utgjorde innbyggarane i desse kring 35 % av befolkninga.

Folkegrupper Befolkninga er inndelt i cirka 40 folkegrupper. Den største gruppa på 2010-talet var fangfolk, som hovudsakleg var busette nord for elva Ogooué i dei nordre og nordvestlege delane av landet. Folkegruppa finst òg i nabolanda Ekvatorial-Guinea og Kamerun.

I sør- og midtdelane av landet levde hovudsakleg andre bantutalande folk, som eshira, okandé, adoum og bakota. I skogområda lever òg eit par tusen babingafolk (pygmear) som nomadiske jegerar og samlarar.

Migrasjon I tillegg til dei ulike folkegruppene som er fødde i Gabon så har 20 % av borgarane i landet tileigna seg statsborgarskapet etter fødselen. Desse var i 2012 hovudsakleg frå nærliggande afrikanske land.

Mange er arbeidskraftinnvandrar som har kome til Gabon i håp om eit betre liv, ofte busette i slumområde i Libreville. Andre er flyktningar frå mellom anna Kongo. I 2011 erklærte styresmaktene at flyktningstatusen for kongolesarar skulle opphøyra.

Språk Det offisielle språket i Gabon er fransk. Dei rundt 40 ulike folkegruppene har alle sine eigne språk, medrekna fleire bantuspråk. Andre større språk er fang, mbere, myene, nzebi, punu og sira.

Religion mini|Ein utøvar av animistreligionen bwiti.

I 2012 var 82 % av befolkninga rekna for å vera kristna (42,3 % katolikkar, 12,3 % protestantar og 27,4 % andre kristne). Dessutan var 9,8 % muslimar og 0,6 % var animistar.

Sosiale tilhøve Sjølv om Gabon hadde høge inntekter og høg gjennomsnittleg BNP per innbyggar i 2010, var rundt ein fjerdedel av befolkninga under fattigdomsgrensa. Gabon hadde likevel eit betre utvikla sosialt støttesystem enn dei fleste afrikanske landa, med alderspensjon, sjukepensjon og arbeidsskadeforsikringar og dessutan fordelar til familiar med barn. Sjølv om helsestellet var betre enn i dei fleste andre landa i regionen, var barnedøyelegheita enno ganske høg. For år 2015 blei spedbarnsdøyelegheita rekna til å vera 4,61 %.

I 2020 var nesten 60 % av befolkninga under 25 år. Dette kan forklarast med dei høge fertilitetstala på cirka 4 barn per kvinne, eit tal som hadde gått ned frå 4,46 i 2015. Sidan 2015 har barnedøyelegheita gått ned, og 2021 var ho rekna til 2,95 %. Befolkningstilveksten for 2021 var rekna til 2,41 %. På same tid har medianalderen til befolkninga gått opp. I 2015 var han rekna til 18,6 år, og i 2021 til 21 år.

Helse og andre befolkningsdata Det største helseproblemet er HIV/AIDS. I 2014 var 3,91 % av den vaksne befolkninga smitta eller sjuk med HIV/AIDS. Fram til 2020 hadde delen av befolkninga som var smitta gått ned til 3 %, totalt 46 000 personar. Talet på dødsfall i 2020 var færre enn 1000 personar.

Ved folketeljinga 22. mai 2013 blei det funne at den faktisk befolkninga som var i Gabon (de facto) var 1 811 079 innbyggarar, av dei 934 072 menn og 877 007 kvinner. Ein hadde tidlegare halde folketeljingar i 2003, 1993 og 1960. I juli 2018 rekna The World Factbook innbyggartalet i Gabon til å vera 2 119 036 innbyggarar, medan Dei sameinte nasjonane rekna befolkninga 1. juli 2016 til 1 763 000.

Økonomi mini|Utsyn over hovudstaden Libreville, som er det finansielle sentrumet i landet.

Det blei oppdaga olje i havbotnen på 1970-talet, og no svarar oljebransjen for halvparten av landet sin BNP. Trass naturtilgangane sine har Gabon hatt problem med økonomien, fremst grunna ein dårleg finansøkonomi. Ei stor devaluering på midten av 1990-talet leidde til ein inflasjon på 35 %, men finansiell hjelp frå Verdsbanken og Frankrike stoppa den negative utviklinga.

På byrjinga av 1970-talet, før produksjonen av olje og mangan hadde komme i gang på alvor, var trevirke av høg kvalitet ei av dei viktigaste eksportvarene. Desse kom frå tre som gabon, ibenholt og valnøtt. På byrjinga av 2000-talet var to tredelar av den totale yta i Gabon urørt regnskog, men ferdigstillinga av den transgabonske jernbana frå hamnebyen Owendo ved Libreville til sentrale Masuku i 1986 blir rekna for å ha ført til auka utvinning av treråvarene.

På byrjinga av 2000-talet kom halvparten av bruttonasjonalproduktet i landet frå olje. Om ein ser dette talet og jamfører med det vesle folketalet i Gabon får ein eit feilaktig inntrykk av BNP (PPP) per kapita i landet, som skjuler det eigentlege faktumet at meir enn halvparten av befolkninga i landet stadig var sjølvbergande bønder. Ei stor sosial kløft skilde landsbybuarane frå eliten i byane, og landet sleit med økonomiske problem.

På byrjinga av 2020-talet var inntekta per kapita i Gabon kring fire gangar så høg som motsvarande tal i andre land i Afrika sør for Sahara. Inntektsskilnadene var likevel framleis store. Dette kan hovudsakleg stamma frå utvinninga av olje, men òg andre viktige råvarer som mangan og tømmer.