493 (romartal CDXCIII) var eit normalår som byrja på ein fredag i den julianske kalenderen. I Romarriket var det kjend som året Albinus og Eusebius var konsular, eller sjeldnare, år 1246 ab urbe condita.
Hendingar 25. februar: Teoderik den store erobra Ravenna etter ei beleiring på tre år, og blei konge av Italia. Odovakar, den tidlegare leiaren av Ravenna, og mennene hans blei seinare drepne av Teoderik i samband med ein fredsbankett. Teoderik den store allierte seg med frankarane og gifta seg med Audofleda, syster til Klodvig I av Frankia. Han gifta også bort kvinnelege slektningar til burgundiske, vandalske og visigotiske adrelsmenn. Den frankiske kongen Klodvig I gifta seg med den burgundiske prinsessa Clotilda, dotter av Chilperik II. Chilperik II av Burgund, blei drepen av bror sin, Gundobad, som fekk makta over Burgund. Mars: Slaget om kroppen til heilage Patrik. Ui Neill-dynastiet slost mot kongeriket Airgialla om kroppen til heilage Patrik.
Fødde
Erzhu Rong, kinesisk general under Det nordlege Wei-dynastiet
Døde 15. mars: Odovakar, leiar for dei germanske herulane, drepen. 17. mars: Heilage Patrik, vernehelgen for Irland (mogleg dato) Kong Chilperik II av Burgund, drepen Heilage Daniel stylitten Hunulf (Onoulphus, Onoulf, Unulf), herulsk general, bror av Odovakar Keisar Wu av Det sørle Qi-dynastiet