Hama (arabisk حماة, i Bibelen kalla Ḥamāth som tyder 'festning') er ein by ved breidda av Orontes (Asi) vest i det sentrale Syria. Han ligg 213 km nord for Damaskus og 46 km nord for Homs. Han er provinshovudstaden i Hama guvernement. Med eit folketal på 854 000 (2009), er Hama den fjerde største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus og Homs.Updated: Your Cheat Sheet to the Syrian Conflict. PBS.
Byen er kjend for dei sytten noriaene sine, store vasshjul som kan nyttast til vatning, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, er noriaene i dag mest til pynt.
I dei siste tiåra har byen Hama vorte kjend som eit senter for anti-Ba'ath-rørsler i Syria, mellom anna Den muslimske brorskapen. Byen vart angripen av den syriske hæren under det islamske opprøret i 1964, og vart åstad for eit blodbad under det islamske opprøret i Syria i april 1981 og særskild i 1982, då nesten 25 000 menneske vart drepne i det som vart kjent som Hama-massakren. Byen vart igjen åstad for strid mellom det syriske forsvaret og motstandsstyrkar, som ein av hovudarenaene under den syriske borgarkrigen i 2011 og 2012.
Historie
Antikken venstre|mini|Ein allé i Gamle Hama Den gamle busetnaden Hamat var busett frå tidleg yngre steinalder til jarnalderen. Staden ligg innanfor ein krapp sving i Orontes, som var relativt lett å forsvare, og var det første senteret i byen. Seinare voks byen utanfor denne svingen og haugen vart det militære senteret i Hama. Restar frå koparsteinalderen er grave fram av danske arkeologar frå haugen der den første festninga stod.Ring, 1996, s. 315. Utgravinga fann stad mellom 1931 og 1938 leia av Harald Ingholt. Stratigrafien er særs generalisert, noko som gjer detaljerte samanlikningar med andre stader vanskeleg. Lag M (6 meter tjukt) inneheld både kvit kalkgips og ekte keramikk. Han kan ha eksistert samstundes med Ras Shamra V (6000–5000 fvt.). Over dette ligg laget L som er datert til koparsteinalderen og Halaf-perioden.
Amoritt-tida og Mitanni Amorittane koloniserte området på 2000-talet fvt. Amorittane kom frå Mari ved Eufrat, kring 400 km aust for Hama, og dei koloniserte mange delar av det som i dag er Syria og Irak.
Sjølv om byen ikkje er nemnt i kileskriftskjelder før det først tusenåret fvt.,Hawkins, J.D. «Hamat.» Reallexikon der Assyriologie und Vorderasiatischen Archäologie, Vol. 4. Walter de Gruyter, 1975. verkar staden å ha nytt stor velstand kring 1500 fvt., då det truleg var underlagt Mitanni, eit rike langs Eufrat nordaust i Syria. Mitanni vart sidan styrta av hettittane, som kontrollerte heile det nordlege Syria etter det kjende slaget ved Kadesh mot egyptarane under Ramses II nær Homs i 1285 fvt.
Tidleg på 1800-talet vart Burckhardt den første til å oppdage hettitiske eller anatoliske hieroglyfar i Hama.The Decipherment of Hittite James Norman (Schmidt), Ancestral Voices: Decoding Ancient Languages, Four Winds Press, New York, 1975.
Staden syner òg assyriske og arameiske busetnader.
Ny-hettittane Då tusenåret gjekk mot slutten hadde det sentraliserte, gamle hetittiske riket falle, og Hama vart hovudstad i eit blømande arameisk ny-hetittisk kongedøme kjent frå Bibelen som Hamat (arameisk: Ḥmt; hetittisk: Amatuwana; hebraisk: חֲמָת, Ḥmṯ), som dreiv mykje handel, særleg med Israel og Judea. Dei arameiske og hetittiske folka levde forholdsvis fredfullt saman, og sameksisterte i lag med andre statar i regionen, som Karkemisj. Den viktigaste av alle dei arameiske statane var Damaskus, som vart leiaren i ein føderasjon av arameiske statar, der Hamat var eit medlem. Gradvis vart arameisk det mest brukte språket i Det nære austen.
Assyriske inskripsjonar Då den assyriske kongen Shalmaneser III (858-824 fvt.) erobra det nordlege Syria, nådde han Hamat (assyrisk: Amat eller Hamata) i 835 fvt. Dette markerer starten på assyriske inskripsjonar knytte til kongedømet.Historia til Hamat frå inskripsjonane vart innkapsla av George L. Robinson, «The Entrance of Hamat» The Biblical World 32.1 (July 1908:7–18) Irhuleni av Hamat og Im-idri av Aram (i Bibelen Bar-Hadad) leia ein koalisjon av syriske byar mot dei inntrengande assyriske armeane. I følgje assyrisk kjelder vart dei møtt av 4 000 stridsvogner, 2 000 menn til hest, 62 000 fot soldatar og 1 000 arbarar på kamel i slaget ved Qarqar. Den assyriske sigeren verkar å ha vore meir uavgjort, sjølv om Shalmaneser III heldt fram til kysten og sjølv tok eit skip til open sjø. I dei neste åra mislukkast Shalmaneser III å erobre Hamat eller Aram. Då Shalmaneser III døydde vart Hamat og Aram fiendar og Aram ser ut til å ha teke noko av området til Hamat.
Ein arameisk inskripsjon frå Zakir, som var konge over både Hamat og La'ash, fortel om eit åtak av ein koalisjon som omfatta Sam'al under Ben-Hadad III, sonen til Hasael, kongen av Aram. Zakir vart kringsett i festninga si i Hazrak, men vart redda av Be'elschamen. Seinare vart Ja'udi-Sam'al herskar over både Hamat og Aram.
I 743 fvt. tok Tiglath-Pileser III fleire byar i området til Hamat, og fordelte områda mellom generalane sine og tvang 1223 utvalde innbyggjarar til den øvre Tigrisdalen. Han inndreiv skattar frå kongen til Hamat, Eni-Îlu (Eniel).
I 738 fvt. var Hamat lista blant byane som igjen vart erobra av assyriske soldatar. Over 30 000 innbyggjarar vart deporterte til Ullaba og erstatta med fangar frå Zagros.
Etter fallet til det nordlege kongedømet Israel, leia kongen av Hamat, Ilu-Bi'di (Jau-Bi'di) eit mislukka opprør mot dei nyorganiserte assyriske provinsane Arpad, Simirra, Damaskus, og Samara. Det var dette opprøret som førte til deporteringa av Dei ti tapte stammene i Israel.
Øydelegging under Sargon II Med kallenamnet «øydeleggjaren av Hamat», raserte Sargon II byen kring 720 fvt.,«Hamat Wrecked to Terrify Small Opponents of Assyria» The Science News-Letter. 39:13 (29. mars 1941:205–206.) og busette byen med 6 300 assyrarar og fjerna kongen for at han skulle flåast levande i Assyria. Han tok òg dei elfenbeinspryda møblane til kongane med seg til NimrudR. D. Barnett, «Hamat and Nimrud: Shell Fragments from Hamat and the Provenance of the Nimrud Ivories.» Iraq. 25:1. [Våren 1963:81–85.])
Erobringa av Det nyassyriske riket strekte seg etter kvart over det meste av Det nære austen opp til kysten av Middelhavet. Men riket deira fall då ein alliert armé av babylonarar og medarar i 612 erobra Nineveh, den assyriske hovudstaden. Assyrarane vart ei kort stund erstatta av babylonarar som herskarar av Syria, men kring 540 vart Hama, som resten av Syria, ein del av Det persiske riket.Ring, 1996, s.317.
Hama i Bibelen
Dei få bibelske rapportane seier at Hamat var hovudstaden i eit kanaanittisk kongedøme (1 Mos 10,18; 2 Kong 23,33; 25,21), der kongen gratulerte kong David med sigeren over Hadadezer, kongen av Zobah (2 Sam 8.9-11; 1 Krøn 18,9-11). Det verkar som om Salomo tok over Hamat og områda kring og bygde store byar.1 Kong 4,21–24; 2 Krøn 8,4. Nederlaget til Assyria for Hamat gjorde stort inntrykk på Jesaja.Jes 10,9 Profeten Amos kalla byen «Hamat den store».Amos VI.2 Namnet verkar å kome frå det fønikiske khamat, som tyder «fort».Room, Adrian. Placenames of the World. London: MacFarland and Company, Inc., 1997.
Hellenistisk og romersk tid
På andre halvdelen av 300-talet fvt. kom den moderne regionen Syria under gresk-romersk kultur, etter ein langvarig periode med semittisk og persisk kultur. Felttoget til Aleksander den store frå 334 til 323 fvt. førte Syria under hellensk styre. Sidan landet låg langs handelsruta frå Asia til Hellas, voks Hama, og mange andre syriske byar, seg rike gjennom handel. Då Aleksander den store døydde vart erobringane hans i Det nære austen delt mellom generalane hans, og Selevkos I Nikator vart herskar i Syria og grunnleggjar av Selevkide-dynastiet. Under selevkidane gjekk det betre med Hama. Aramearane fekk lov å vende attende til byen, som fekk namnet Epifania (på gresk Επιφανεία), etter den selevkidske keisaren Antiokiaus IV Epifanes. Det gjekk nedover med styret til selevkidane i løpet av dei neste to hundreåra og arabiske dynasti byrja å få kontroll over byane i denne delen av Syria, inkludert Hama.
Romarane tok over dei opphavlege busetnadane, som Hama, og gjorde dei til sine eigne. Dei møtte lite motstand då dei invaderte Syria under Pompeius og annekterte området i 64 fvt., der Hama vart ein del av den romerske provinsen Syria, styrt frå Roma av ein prokonsul. Hama var ein viktig by i den greske og romerske tida, men særs få arkeologiske spor er att.
I 330 evt. vart hovudstaden i Romarriket flytta til Byzantium, og Hama fortsette å bløme. I dei bysantinske dagane vart Hama kalla Emath eller Emathoùs (Εμαθούς på gresk). Det romerske styret frå Byzantium tydde at kristendomen vart forsterka i Det nære austen, og det vart bygd kyrkjer i Hama og andre byar. Den bysantinske historikaren Johannes frå Epifania var fødd i Hama på 500-talet.
Muslimsk styre mini|Nur al-Din-moskeen Under den muslimske erobringa av Syria på 600-talet vart Hama erobra av Abu Ubaidah ibn al-Jarrah i 638 eller 639 og byen fekk attende det gamle namnet sitt, og har hatt dette namnet sidan. Etter erobringa vart han ein del av Jund Hims fram til slutten av styret til umayyadane på 800-talet.Dumper, Stanley, and Abu-Lughod, 2007, s.163. Umayiadane bygde Den store moskeen i Hama tidleg på 700-talet med Omajademoskeen i Damaskus som modell.
Den arabiske geografen al-Muqaddasi skreiv at Hama vart ein del av Jund Qinnasrin under abbasidane.le Strange, 1890, s.39. Sjølv om byhistoria er uklår på denne tida, er det kjent at Hama var ein kjøpstad med bymurar med ein ring av kringliggande byar. Han kom under hamdānidane frå Aleppo på 900-talet og vart styrt frå Aleppo fram til 1100-talet. Dette vert rekna som dei «mørke åra» i Hama sidan lokale herskarar i det nordlege og sørlege Syria kjempa om makta i regionen. Bysantinarane under keisar Nikeforos Fokas plyndra byen i 968 og brende ned den store moskeen. På 1000-talet fekk fatimidane makt over det nordlege Syria og i denne perioden plyndra mirdasidane Hama. Den persiske geografen Nasir Khusraw skreiv i 1047 at Hama var «godt folkesett» og låg ved breidda av Orontes.le Strange, 1890, s. 357.
Tankred, prinsen av Galilea erobra byen i 1108, men i 1114 mista krossfararane byen til seldsjukkane. Eit jordskjelv i 1157 la byen i ruinar.Robinson 1908:9. Dei neste seksti åra prøvde fleire herskarar å ta byen. Nur al-Din, sultanen frå zangidene, reiste ein moske med ein høg, firkanta minaret i byen i 1172.Nur al-Din-moskeen . Archnet Digital Library. I 1175 vart Hama teken frå zangidane av Saladin. Han gav byen til nevøen sin, al-Muzaffar Umar, fire år seinare, og la han under styret til familien sin, Ajjubide-dynastiet. Dette førte til ein periode med stabilitet og velstand i Hama sidan Ajjubide-dynastiet varte heilt fram til 1342. Geografen Yaqut al-Hamawi, som var fødd i Hama, skildra han i 1225 som ein stor by kringsett av sterke bymurar.le Strange, 1890, s.359. Hama vart plyndra av mongolane i 1260, som dei fleste syriske byane vart, men mongolane vart slått same året og så igjen i 1303 av mamelukkane som tok over etter Ajjubide-dynastiet som herskarar i regionen. Hama vart ei kort stund under mamelukkane sin kontroll i 1299 då guvernøren al-Mansur Mahmoud II døydde. I motsetnad til andre tidlegare byar under Ajjubide-dynastiet, sette mamelukkane inn ein herskar frå Ajjubide-dynastiet att i Hama ved å gjere Abu al-Fida, historikaren og geografen, til guvernør i byen og han regjerte frå 1310 til 1332. Han skildra byen sin som «særs gammal... nemnd i boka til isralittane. Det er ein av dei mest behagelege stadane i Syria». Etter han døydde tok sonen hans al-Afdal Muhammed over, men han vart etter kvart avsett av mamelukkane. Slik vart Hama direkte underlagt mamelukkane.