Eurovision Song Contest 1997 var den 42. i rekkja, og vart arrangert i Point Theatre i Dublin i Irland den 3. mai 1997. Irland arrangerte tevlinga for sjuande gong av di Eimear Quinn vann i Oslo i 1996. Programleiarane var Carrie Crowley og Ronan Keating. Italia kom attende dette året, og den italienske kringkastaren RAI slo fast at dette var siste gongen landet akta å delta.
Katrina and the Waves, som representerte Storbritannia, vann tevlinga med rekordmange 227 poeng. Denne rekorden stod heilt fram til 2004, då semifinalen vart innført og mange fleire land vart med i avstemminga). Vinnarsongen «Love Shine a Light» fekk poeng frå alle landa, ti tolvarar og fem tiarar. Songen vert rekna som ein av dei mest vellukka som har vunne tevlinga nokonsinne. Vertslandet Irland kom på andreplass, med Marc Roberts og «Mysterious Woman».
Det var eit breitt spekter av ulike songar med dette året. Danmark sende ein rapsong, Kroatia sende deira versjon av Spice Girls og Sverige sende eit boyband i beste åttitalsstil. Musikken var generelt meir moderne enn før, og for fyrste gong på seks år var det ein song med raskt tempo som vann. Noreg sitt bidrag, San Francisco av Tor Endresen kom på ein delt sisteplass saman med Portugal, og fekk null poeng.
Telefonavstemming vart testa ut i fem land dette året: Storbritannia, Sverige, Sveits, Tyskland og Austerrike. Det synte seg at resultata frå desse landa skilte seg ganske mykje frå dei andre landa, som brukte jury. For eksempel fekk Island 16 av sine totalt 18 poeng frå desse fem landa.
Resultat Nr. Land Språk Artist Song Nynorsk omsetjing Plassering Poeng 1 Gresk Hara & Andreas Konstantinou Mana mu (Μάνα μου) Moderlandet 5 98 2 Tyrkisk Şebnem Paker & Grup Etnic Dinle Høyr 3 121 3 Norsk Tor Endresen San Francisco — 24 0 4 Tysk Bettina Soriat One Step Eitt steg 21 12 5 Engelsk Marc Roberts Mysterious Woman Mystisk kvinne 2 157 6 Slovensk Tanja Ribič Zbudi se Vakn opp 10 60 7 Italiensk Barbara Berta Dentro di me Inni meg 22 5 8 Nederlandsk Mrs. Einstein Niemand heeft nog tijd Ingen har tid lenger 22 5 9 Italiensk Jalisse Fiumi di parole Elvar av ord 4 114 10 Spansk Marcos Llunas Sin rencor Utan bitterheit 6 96 11 Tysk Bianca Shomburg Zeit Tid 18 22 12 Polsk Anna Maria Jopek Ale jestem Men eg er 11 54 13 Estisk Maarja-Liis Ilus Keelatud maa Forbode land 8 82 14 Bosnisk/kroatisk/serbisk Alma Čardžić Goodbye Farvel 18 22 15 Portugisisk Célia Lawson Antes do adeus Før avskjed 24 0 16 Svensk Blond Bara hon älskar mig Berre ho elskar meg 14 36 17 Gresk Marianna Zorba Horepse(Χόρεψε) Dans 12 39 18 Engelsk Debbie Scerri Let Me Fly La meg flyga 9 66 19 Ungarsk V.I.P. Miért kell, hogy elmenj? Kvifor må du gå? 12 39 20 Russisk Alla Pugatsjova Primadonna (Примадонна) — 15 33 21 Dansk Kølig Kaj Stemmen i mit liv Røysta i livet mitt 16 25 22 Fransk Fanny Sentiments songes Lygner kjensler 7 95 23 Kroatisk E.N.I. Probudi me Vekk meg 17 24 24 Engelsk Katrina & The Waves Love Shine a Light Kjærleik skin eit ljos 1 227 25 Islandsk Paul Oscar Minn hinsti dans Min siste dans 20 18
Kjelder
Denne artikkelen er omsett frå «Eurovision Song Contest 1997» frå , den 12. april 2011.
Kategori:Musikk i 1997 Kategori:Eurovision Song Contest etter år