Isach Schjelbred Isachsen () var ein skipsreiar og stortingsmann frå Stavanger. Han var med i partiet Høgre.
Isachsen var son til ein kjøpmann. Åra 1854-61 gjekk han den lærde skulen i Stavanger, 1864-65 på ein handelsskule i Osnabrück. Dei neste åra arbeidde han på handelskontor, først to år i Manchester, og frå 1867 til -73 i heimbyen. Frå 1873 var han kompanjong i firamet Holdt & Isachsen i Stavanger, eit firma basert på skipsfart, det vere seg drift av eigne båtar, frakt og assuranse.
Isachsen var med i formannskapet i Stavanger 1885-89 og i bystyret 1889-96. Forlikskommissær frå 1889. Formann i tilsynsnemnda for Jærbanen frå 1896, samt styreformann i Egersunds Fajansefabrikk.
Isachsen representerte Stavanger og Haugesund på Stortinget periodane 1889-91 og 1895-97. I den første perioden var han medlem av protokollkomiteen, i den andre av jarnbanekomiteen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Stavanger og Haugesund Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Høgrepolitikarar i Rogaland Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Stavanger