Siren er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i 1975 på Island Records. Det vart gjeve ut av Atco Records i USA.

Siren inneheldt singlane «Love Is the Drug» og «Both Ends Burning», som nådde høvesvis andre- og 25. plassen på UK Singles Chart. «Love Is the Drug» vart den største hitten til Roxy Music i USA, då han nådde 30. plassen på Billboard Hot 100. I 2003 vart Siren rangert på 371. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Plateomslag Plateomslaget syner den dåverande kjærasten til Bryan Ferry, modellen Jerry Hall, på berga nær South Stack på Anglesey. Graham Hughes, arbeidde i august 1975 med å ta biletet like under det sentrale bruspennet på sørsida. Han arbeidde ut frå skisser som var laga av Antony Price. Bryan Ferry fekk ideen til staden etter å ha sett ein TV-dokumentar om lavastraumar og klippeformasjonar på Anglesey.

Mottaking

I ei melding i Melody Maker då albumet kom ut, skreiv kritikaren Allan Jones at det var «eit supert album, som umiddelbart slår lyttaren med ei kraft og ei nyskaping som ein berre får i dei mest spesielle musikalske opplevingane». Han merka seg ei «klårheit og vitalitet» i produksjonen til Chris Thomas, som han meinte synte «kjensla av eventyr og den kavaleriske anda frå dei tidlege platene deira, ei drivkraft som i det siste har vore fråverande frå musikken deira.» Rolling Stone-skribenten Simon Frith meinte albumet hadde meir fokuserte tekstar og straumlineforma produksjon, med «mindre kunstig rot, færre lydeffektar og meir streite soloar.» Robert Christgau i The Village Voice meinte albumet lente meir mot pop og fann det openberrande: «Sjølvsagt har Roxy Music-albuma alltid hatt knaggar, men 'Street Life' og 'Virginia Plain' fortalte oss aldri så mykje om Roxy sin mindre tilgjengelege musikk som det 'Love Is the Drug' gjorde». Han rangerte albumet som det 11. beste i 1975 på den publiserte årslista si. Siren vart plassert på 13. plassen på Pazz & Jop-lista i Village People, laga av ei rekkje kritikarar.

Ettermæle Siren er ei av dei mest kritikarrosten albuma til Roxy Music. Kritikaren Dave Marsh skildra Siren i 1983 som «meisterverket til Roxy som bringer lyttaren attende i kraft av dei finpussa instrumentale åtaka og den overtydande haldninga i tekstane». I ei seinare melding for AllMusic, skreiv Stephen Thomas Erlewine om Roxy Music si lite smålåtne omfamning av dansemusikk og pop på Siren, som førte til den meir «kunstnariske tendensen» deira vart tona ned, og skapte «ein temakonsistens som fungerer i favør av albumet» og løftar det «inn i riket til klassikarane». Rob Sheffield kalla Siren «det første Roxy Music-albumet utan dårlege augneblikk» i The New Rolling Stone Album Guide i 2004. Simon Reynolds var mindre positiv i 1999 ein artikkel for Uncut. Han innsåg at Siren framleis var universelt høgt akta, særskild av amerikanske kritikarar, men rekna sjølv både dette og det føregåande albumet Country Life som «konvensjonelle og tamme» samanlikna med dei tidlegare albuma deira.

Rolling Stone rangerte Siren på 371. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003, og 374. plassen på den oppdaterte lista i 2012. Det var ikkje med på den nye lista til Rolling Stone frå 2020. Vibe hadde albumet med på si liste over 100 essensielle album frå 1900-talet, og skildra det som ei blanding av «den esoteriske skyminga i tidleg Roxy» og «den smertefulle, gloande romantiske tonen i den seinare musikken deira».

Innhald

På kassettar (t.d. Island ZC19344) har «Whirlwind» og «Just Another High» (begge siste spor på kvar side) byta plass, truleg for å utnytte plassen på lydbandet.

Medverkande Roxy Music Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, munnspel Andy Mackay – obo, saksofon Paul Thompson – trommer Phil Manzanera – gitar Eddie Jobson – fiolin, synthesizer, klaverinstrument John Gustafson – bass

Produksjon Steve Nye – lydteknikar Ross Cullum – assisterande lydteknikar Michael Sellers – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – ommastring (1999)

Salslister

Vekeslister Liste (1975–76) Plassering Australske album (Kent Music Report) 12

Årslister Liste (1975) Plassering Nederlandske album (Album Top 100) 47

Salstrofé

Kjelder

Kategori:Engelske kunstrockalbum Kategori:Roxy Music-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:E.G. Records-album Kategori:Album produserte av Chris Thomas 374 Kategori:Island Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Virgin Records-album