Hans Peter Bjering () var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Rakkestad.
Bjering var son til ein gardbrukar i Rakkestad. Sjølv gjekk han Haslem landbruksskule. Åra 1860-62 dreiv han farsgarden. Han kjøpte då gard på Våge i Veøy i Romsdal, budde der livet ut.
Bjering representerte Romsdals amt på Stortinget 1880-85 og 1889-91. Han var medlem av militærkomiteen 1880-85 og av konstitusjonskomiteen 1889-91. Frå 1883 til -85 og 1889 til -91 var han medlem av Lagtinget. Såleis var han i 1883-84 medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.
Han døydde i 1895 på garden sin i dåverande Veøy herad, i dag i Rauma kommune.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Rakkestad